Monday, March 5, 2007

Minileksjon: Mads Rydman

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar, lest 83 ganger
4. mars 2007 kl. 11.03

I dag har eg lyst å trekkja fram ein svensk poet som på grunn av ei einaste diktsamling kom til å bety ein del for meg. Mads Rydman gjer i ditksamlinga "Kravanföraren" eit heilt spesielt grep. Han skapar om drabantbyen Bagarmossen utanfor Stockholm, som kan samanliknast med Lamberseter, til ein karavanestasjon i Gobiørkenen. Og sin treroms bustad der gjer han om til ein "jurt", teltet for kvardagslege gjeremål og ritual. Han koplar dei to kulturane saman til e i poetisk verd. Etter å ha skildra korleis han om natta, medan barna søv trygt i sine senger, sliper sitt kvassaste sverd på kjøkkenet, skriv han:

Skulle en demon ringa på
behøver jag bare visa upp mitt svärd.
jag vet då att jag får lyssna
til hur hissen försvinner nedåt,
och sedan hur porten öppnas
och slår igjen.

Han kan møta på Karavaneførarane på T-banen, der han står innehylla i Gobi-ørkenen sitt flagg. Og gjennom heile boka oppstår på eit merkeleg naturleg vis denne doble geografien og kulturen. Her er noko å læra av når det gjeld å ta annleise og nye perspektiv på saker og ting.

De kan lesa om Mads Rydman i "Mellom himmel og jord" (Tiden 2002) av Arne Ruste, i essayet: "En halvbror i utkanten av Gobi" (artikkelen finn du også i "Det menneske glemmer jeg aldri" (Pantagruel Forlag 2000)

Vidare finst det ein artikkel som heiter "Poeten, sjefen og demonane. Eit besøk hjå Stockholms einaste ørkenpoet" i "Håplaust forelska i sitt eige skjelett" av underteikna (Samlaget,1995) ein artikkel som også finst illustrert med foto frå møtet med Mads Rydman i Stockholm, tekne av min venn og reisekamerat Morten Brun, i Poesi Magasin, nr. 1 1984.

helge t.

No comments: