Saturday, March 10, 2007

Eg minner om netttidsskrift for poesi og kritikk

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
10. mars 2007 kl. 15.05

http://nypoesi.net/

http://www.litlive.dk

http://www.kritiker.nu/ - Ja her er det mest papirutgåve, men av og til kan ein finne noko på nettet også

Populærpoesi, artikkel om Rolf Jacobsen i Dagsavisen

http://www.dagsavisen.no/kultur/article2635591.ece

Friday, March 9, 2007

Diamantfjellene. Dikt ved døden, gjendiktet av Erling Kittelsen og Vladimir Tikhonov

http://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070223/BOKER/70226026/1066/

Monday, March 5, 2007

Eksempel på en god kommentar

To kropper, et laken
Skrevet av Knut, lest 42 ganger
25. februar 2007 kl. 22.57

To kropper, et laken
taklampen lyser, tier
ser hverandre ikke lenger

den skjøre strengen brister
halvkvalt gråt
i krokene
kroppene innoverbøyd

Jeg ser helt bort fra at dette er klisjéer
Skrevet av Diktgjenganger, lest 41 ganger
26. februar 2007 kl. 00.20

Dette temaet kan varieres og modifiseres til evig tid fordi det er sånn vi blir laget alle mann:
To kropper + et laken.
Jeg tror også på den skjøre strengen som brister og del halvkvalte gråten.
Nå ser jeg helt bort fra at dette er klisjéer.
Men hva er i veien med klisjéer?
Romantikk og evig kjærlighet er en evig klisjé liksom stillheten etterpå.
Poeng for å sikte buen på noe som virkelig gjelder.
Men jeg kunne ønske meg noe variasjon i ord- og billedbruk, enda om jeg vet:
Vi trenger ikke mer enn en klisjé for å få til en brukbar kjærlighet, kanskje til og med livet ut, for ikke å snakke om et barn.
Vi trenger strengt tatt ikke annet enn klisjéer,
men noen vil påpeke at poesien starter der klisjéene slutter.
Dem om det.

God kommentar!
Skrevet av Helge Torvund, diktlærar, lest 30 ganger
26. februar 2007 kl. 08.41

Her er du sakleg og tydeleg. Du gjev ris og ros på ein støttande og konstruktiv måte.

I denne kommentaren kjem det også fram ein interessant problemstilling som er ein gjengangar (sic!) her på diktkammeret, nemleg om det er nokon skilnad på kva som er viktig i eit liv, og kva som er viktig i poesi?

Av og til når Diktlæraren påpeikar at noko er uttrykt på ein utslitt og klisjéaktig måte, er motargumentet "Ja, men dette er viktig for meg! Dette er viktige ting i livet!" Jau, det er det nok. Men det er mat også. Og det gjev oss ikkje grunn til å gje ut matoppskrifter som lyrikk (sjølv om det er gjort, det er gjort!).

Eg er einig i at ein skal gje poeng for å sikte på ting som verkeleg gjelder. Men for nokre er det vanskeleg å sjå kva som IKKJE verkeleg gjelder, når det vert formidla på ein sterk og nyskapande måte. Med andre ord, finst det nokre tema som er upassande for dikt? Noko som er for smått, for uinteressant eller feil, dersom det vert skrive godt om det?

helge t.

Kommentarer og forbedringsforslag

Vel, vel, vel,
Skrevet av Helge Torvund, diktlærar, lest 54 ganger
26. februar 2007 kl. 09.46

Her må utgangspunktet vera at du sjølv meiner du skriv mykje betre enn dette og at det på eit eller anna mystisk og moralsk vis gjev deg rett til å innta ein slags overordna funksjon der du ved å prenta om igjen desse dikta utan ein einaste konstruktiv kommentar gjer diktverkstaden ein teneste? For andre er det vanskeleg å forstå motivasjonen bak ei slik handling. Gjev det deg rett og slett ei god kjensle å gjera slikt, eller er det noko du trur du kan oppnå, som me ikkje klarer å trengja inn til?

Dette er ein skriveverkstad, og mangt av råstoffet som kjem inn her liknar på det du dreg fram. Problemet er at du ikkje gjer noko som helst anna enn å visa det fram, det som me alle kan lesa sjølv. Trur du at me ikkje kan lesa? At me ikkje kan vurdera? At du må prenta om igjen alle innlegga her for at me skal sjå dei?

Eg vil nå gje kvart av desse dikta ein kommentar som kanskje både dei som har skrive dei kan ha nytte av og som kan vera ei hjelp til deg i korleis det er betre å kommentera slike dikt, enn å bare prenta dei opp igjen, utan forfattarnick, så ein kunne tru det var dine.


Livet torde vise seg
som en dag med et snev av et løfte
Fulgte avtrykkene dine
inn i rommet
Var det derfor dagene våre kolliderte?

Nå eier jeg en tomhet
jeg ikke klarer å fylle


Kommentar:
Uheldig opning då ordet livet er eit slikt stort og Mjelve kallar det 'tomt' begrep som omfattar det meste. Begrepet "livet" omfattar vel også døden? Men alt andre linja er hakket meir spesifikt og eg har sansen for dette med "et snev av et løfte". Diktet lir i det heile under å vera for vagt og abstrakt, men har ei kjerne av erafring og oppleving som er viktig nok, og som fort kunne vorte eit brukbart dikt. Forslag:

Mandagen viste seg
med et snev av løfte
Fulgte avtrykkene dine
inn i rommet;
avisa du flytta på
kaffekoppen med teskjeen
Morgenkåpa over stolen
Hvorfor kolliderte
din dag med min?

Nå eier jeg et sug
hendene mine ikke kan
gjøre no med




*

To kropper, et laken
taklampen lyser, tier
ser hverandre ikke lenger

den skjøre strengen brister
halvkvalt gråt
i krokene
kroppene innoverbøyd

Kommentar: Eit relasjonsdikt, eit utterpa, men fornybart tema i lyrikken. Ein god og intim relasjon mellom to menneske har brote saman av ukjent grunn. Den konkrete nøkterne stilen i starten er god og skapar tru på at ein kan unngå det patetiske her. Men formuleringa "ser hverandre ikke lenger/nå" er litt for platt (det er viktig å bli s e t t), og resten av diktet vert kanskje for mykje "telling" om det lidande. Det gjev likevel inntrykk av at det finst ei kjerne her som kunne vore omskapt til poesi, om ein gjekk lenger og var endå meir kroppsleg og avskrelt og fandenivoldsk og Emily Dickensonsk og slo til. Forslag:

To kropper, et laken
taklampen lyser, tier
veggene snur seg bort
den skjøre strengen
dette som får tonene
til å danne melodier
brister og brister gjør
vi til et jeg og et jeg
vi som var du og du
en uønsket skalpell
kroppene bøyd
inn i selv


*

hverandre
har den andre
nærhet til en
hver
og gir støtte så
de hører evig
sammen.

Mulig var
din tanke slik
da du lette etter det
ord
du ikke fant
hos andre enn
dumeg.


Kommentar: Interessant å sjå dette saman med det ovanforståande, då det går inn i det språklege omkring same tema. her er det ordet "hver-andre" som blir plukka frå kvarandre og det vert sagt at i dette ordet har den "andre" nærleik til ein "hver" eller til enhver som gjve diktet ei spesiell opning mot at det faktisk er mogleg å få nærleik til einkvar person dersom ein innlemmar denne i begrepet "hverandre". her er det verkeleg eit interesant tema for språkbasert og analytisk vinkla poesi. Men det er ikkje bar når det held fram: "og gir støtte så/de hører evig/sammen" ikkje fordi ikkje slike ord også kan underleggjast denne typen lyrisk analyse, men nettopp fordi d e t ikkje blir gjort her. Dette uttrykket framstår bare som overlevering av ein klisjé. Det mest interessante er vel avslutnignslinja med nyordet "dumeg", som er ei form for "vi" som gjev inntrykk av dobbelt objektiv, nemleg at det ikkje finst eit eg og eit du som hjå Buber, men bare eit du og eit meg. Kva dette tyder, det lever me i uvissa om. Forslag:

i hverandre
har den andre
nærhet til en
hver

og gir
til de hører
sammen

du lette etter et
ord
du fant
dumeg.



*

Skyggene så markante
mot det hvite

lyset mer lys
denne dagen

i en retrospektiv film
far som far

brødrene mine og meg
i sorte sko

en himmelhøy dør
slipper inn solen

sønnen min møter meg
med blikket

for første gang
som den siste

Kommentar: Eit dikt som gjev ei kjensle av å trengjha litt meir instramming. Det handlar om slekters gang og om innslag av lys og skugge i dette. Diktet har eit visst fugleperspektiv i delar av det, som gjev ein avstand og ordbruk somikkje skapar nærleik og tetthet. eg ville vore atskilleg meir konkret, og sprør: skuggen av kva?
i opninga, og bruken av retrospektiv film skapar avstand, her er det betre å skriva direkte inn minnebilete som skapar nærleik, og det skjer i formuleringa "brødrene mine og meg/ i sorte sko" men det vert veldig fragmentarisk. Meir, meir! Også slutten ville eg ha ett inn i ein konkret sitausjon og opna for kjenslene på eit eller anna vis her. I staden for den lett filosofiske og klisjeaktige slutten med første og siste.

Forslag:

Skyggen av Opelen så markant
mot solsnøen

Bildet av far som far
med lukta av svette og kvae
ved hoggestabben

brødrene mine og meg
i sorte sko
i spon og vedlukt

en himmelhøy dør
slipper inn solens skare
av det bitre det søte

sønnen min møter meg
med blikket






*



Kokong.

Innefor og utenfor mørkets vegger
Der natt er natt
Der dag ikke slipper inn
Der drømmene gjemmer seg
Der liver leves innefra, og inn
Der alt blir til
utenfor er virkelighetensfantasi

Der natt, og dag tisker samen
Der dag, og natt smeltes, og små dryss av ord vrir seg forbi.
Der er ingen sti for en som vil være fri.

Så dra bort til ingenmannsland å skap din egen sang
For den tid er for bi, da drømmen var i sitt hi.

Kommentar: "Der natt, og dag tisker samen" er ei fin formulering, men viser også ein sær og ubegripeleg bruk av komma som går igjen i diktet.
Orddelinga i siste linje hadde nok heller ikkje astronomane sett lett på. Diktet har ei kjerne som er velkjent i modernismen. Ja, ein kunne vel
seie at den er ein av dei tre berande idane i heile moderniteten, nemleg indivitets fridom. (Om me då seier at fornuft og framstegstru er dei to andre, så er me i alle fall i tråd med Østerberg skulle eg tru. Tilrår boka Det moderne, om utviklinga av vår kultur dei siste 250 åra innan musikk, litteratur, tenkning, kunst!) Men tittelen kokong og "der er ingensti for en som vil være fri" fortel om det isolerte, inneslutta, normene frå samfunnet rundt ein, kanskje.
Diktet er nok litt prega av at det er ein nybyrjar som er prøver seg. Med nokre umotiverte og ubehjelpelege rim (forbi/fri og for bi (sic!) og hi). Men det er eit viktig tema og eit godt utgangspunkt for å byrja å famla seg fram i lyrikkens long and winding road å ta fatt med det "å skapa sin eigen sang". At ein har forstått at det er noko som kan heite "virkelighetensfantasi" er også bra! Sosial konstruktivisme (Wilden) eller personleg konstruktivismeteori (Kelly) kjem ein knapt utanom anten ein les om det eller bare erfarar det. Forslag (og eg tek meg den fridom å setja inn eit passande sitat frå "Log Cabin Home in the Sky" av Heron):

Kokong.

innefor og utenfor:
mørk vegg

natt er natt

liv leves
innefra
og inn

alt blir
virkelighetens
fantasi

natt og dag
tisker samen

dag og natt
smeltes om
til dryss

ord
vrir seg
forbi
som kyss

"There comes a time
to every man
When he must
turn his back
on the crowd
When the glare of light
gets much to bright
And the music
plays too loud"

til
drømmehiet
er våren
underveis

helge t.

Litt rask på labben (minileksjon?)

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
1. mars 2007 kl. 07.39

At du gjentek ordet gater på ei og same linje, fekk meg straks til å tenkja på hastverk. Og når du skriv "di er roleg, verda gror frisk medan du snakkar. Alt er endra og heilag" med to feil også her, fekk eg forsterka det inntrykket." Dikt skal helst mognast fram over tid, og gjerne liggja ei stund før ein presnterer det for andre. Sjølvsagt kan dei av og til skrivast raskt ned, men bør uansett gjennomgåast grundig: først kutte ut alle ord som er unødvendige, ver særleg merksam på småord spm så og og og men etc. Bruken av ordet "Alt" er interessant. Det har ein speseill verknad, ved å gjera ting mangetydige, og mogleg for suggesjon og lesarmedverknad, men det vert også uklårt og vagt. Det finst noko inne i desse linjene som eg tenkjer du kan jobba vidare med, men skrell bort, ver tålmodig, stramm inn, kjenn etter kva du vil at teksten først og fresmt skal formidla og nærm deg denne kjernen.

I tillegg er det eit problem

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
28. februar 2007 kl. 23.03

at denne teksten knapt har noka interesse for nadre ennd eg på denne nettstaden der me skal jobbe med poesi.

Les her:

Men inni kua er det kveld

TORVUNDS INSPIRASJON:
Den polske plakatkunstnaren og illustratøren Rafal Olbinski.

Me må våga noko for å sjå språket og verda i nytt lys.


Helge Torvund
Tirsdag 29.03.2005, 15:05
oppdatert 15:40
NÅR EG DRIV SKRIVEKURS, går eg alltid først ein runde med å løysa opp alvoret, det fastlåste og trua på at dikt skal vera på ein bestemt måte. Det kan til dømes vera tanken på at dikt er høgtidelege tekstar i nedstøva bøker skrivne av døde menneske. Sjølvsagt risikerer ein å fokusera for mykje på det sprø og absurde, på det draumeaktige og fantasifulle i høve til det potensialet som finst til å få skrive ut noko som verkeleg er djuptgripande alvorleg og viktig å få sagt. Men det kan ein alltids koma attende til.

Alltid kjem det fram overraskande ting som har ei spennande blanding av alvorlege tema og spenstig og sprø ordbruk. Det viktigaste med skrivekurs er jo at folk skal verta betre til å formulera ein tekst som vert interessant og fengjande for lesaren.

At ein lærer seg å oppdaga veikskapar og ting som får lesaren til å misse merksemda og konsentrasjonen om diktet. Og så i neste omgang; å stole på at eigne erfaringar og eigne ord er gyldige byggjesteinar for gode tekstar. Eg vil gjerne at deltakarane skal skriva linjer som ingen nokosinne har lese maken til før. Og for å visa korleis det er mogleg, er humoren, spranget, den absurde og surrealistiske fantasien ei god hjelp.

TITTELEN PÅ DENNE leksjonen spring ut av eit bilete eg har på skrivebordet mitt av den polske plakatkunstnaren og illustratøren Rafal Olbinski. Kunsthistorisk kan ein nok kritisera han for å vera ikkje så lite av ein Magritte-kloning, men brått kan arbeida hans likevel få noko magisk over seg som gjer at verket overskyggar slike analytiske og kritiske tankar. Han skapar noko spennande og gjev oss ei sterk oppleving sjølv om det er innanfor det optisk-surrealistiske universet som Magritte og Escher arbeidde i.

Dette aktuelle måleriet er eit vakkert landskap i mjukt dagslys med flate enger, ei tjørn, grønt gras. Over det heile ein roleg overskya himmel. Sentralt i bilete er ei stor ku som bøyer hovudet og et gras. Men inni kua er det kveld. Kua er gjennomsiktig og ein ser landskapet gjennom ho; ein veg som slynger seg mot synsranda under ein stjernehimmel. Over vegen svever ein lys, lilla, fotsid kjole i ein kleshengar. Det gjev meg denne spesielle kjensla av å gå over i eit nytt område å skriva denne setninga ”Men inni kua er det kveld.”

Det nye ein kan skapa, vert skapt i utkanten av det som er kjent frå før.

Kan henda var det det at eg har ein bilethoggarbror som gjorde at eg med poesiens særeigne opningar, ville prøva å sprengja nokre grenser for kva ein skulptur kan vera, i følgjande dikt?

Hovudet til
den aldrande Chaplin
idet han framstiller
eit japansk kirsebærtre.
Hovudet er laga av flammebjørk.
Heile skulpturen
er kledd med aluminiumsfolie.
Sirkelhol
til pupillar.
Kring handledda
lærreimer
med spenner.
Han står på eit teppe
av krut og pianotonar.
På smilerynkene
er det festa
ørsmå datoar
der tala er laga
av menneskelemmar.
Skuggen mot veggen
er ei blå sorg av mold.
På den eine hælen
er dette diktet skrive
med kinesiske teikn
som kan forvekslast
med risp av ein
svært liten pisk.

(Frå Inntil vidare ventar me her. Samlaget 1998)

ME SKAPAR ALTSÅ vanlegvis nye ting i utvidinga av det området som språket alt har dekka, og gjerne har byrja å dekka over. Kanskje er god poesi like mykje eit spørsmål om å ta bort det vanlege språket, vanetenkinga og visa fram kva som ligg under? Går det an?

Språket er, som så mange teknikkar og kommunikasjonsverktøy, noko som kan nyttast til å sementera det som alt er slått fast som ”sanninga”, eller det kan røska opp i våre fordommar og vanetenking og visa fram noko ferskt og pulserande, ofte noko avslørande. Me kan i diktinga vår, ta fram eit ord, og vurdera kva det vanlegvis tydar, kva me tykkjer det tyder og kva me ønskjer det skal tyda. Einar Økland tek i boka Gull-alder ein farge opp til slik vurdering.

RAUDT

Skal raudt bety noko spesielt?
Noko anna enn raudt?
For raudt til å kunna seiast
slik som det er?
Skal raudt bety kjærleik?
Bety kommunisme?
Revolusjon
eller blod?

Skal alt dette springe ut
or den flate raudfargen?
Det undrar eg meg på
når eg ser den.
Ein stygg farge,
seier eg til meg sjølv.
Ein unaturleg farge.
Men ein nødvendig farge.
Ein farge som set meg i uro.
Ei forferdeleg uro.
Ei heilt unaturleg uro.
Den ligg som ei presenning over lasta.
Alt mulig kan vera i lasta.
Eg kan ikkje la vere å spørje
etter det som ligg under det raude.
Raudt.
Eg freistar halda kjeft.
Eg freistar sjå raudt.

Her vil eg gjerne visa til den fine danske poeten Inger Christensen som i eit intervju har sagt: ”Noe av det som gjør kunst spennende i forhold til annen tankevirksomhet, er at man der kan etablere en fiktiv måte å tenke på…”, og vidare: ”Jeg kan ikke la være å forestille meg … språket som en labyrint, der gangene hele tiden faller ut, fordi ordene bare bygger dem opp i forbifarten på sin uendelige vei mot tingene, hvis skygger ligger begravde der bak et sted i de sammenstyrtede gangene. Og at disse labyrintene ånder, åpner og lukker, dreier og speiler seg selv og hverandre, og lar alle disse speilbildene sive ut og inn gjennom hverandre, som verdensbildets åndedrag. (Omsett av Liv Lundberg. Frå ein artikkel i Lyrikkmagasin, nr. 8, 1996).

EIN NORSK FORFATTAR som arbeider i eit grenseland der alvor og humor inngår i ei svart legering, er Arne Østring. Men han er også oppteken av at det finst noko erfart i den gode teksten. Han seier i eit intervju:

«'Virkeligheten' og den situasjonen vi befinner oss i, er mer paradoksal, meningsløs, latterlig, tragisk, fortvila, umulig, usannsynlig, idiotisk osv. enn noe som helst noen kunne vrenge ut av seg. Jeg tror virkelig at mennesket er "godt på bunnen" og at dets potensial er uoverskuelig, enormt. Likevel er det redusert til et bevisstløst og lidende krek ute av stand til å bygge en fornuftig eller varig sivilisasjon, og vanviddet, destruksjonen og det irrasjonelle springer en i øynene overalt. Og for å hekte dette på det skrivetekniske: En tekst som bare er alvorlig og tragisk, blir fort endimensjonal, flat, den skriker etter å deformeres eller motsis innenfra, og komikk kan være ett element i dette. Og motsatt. Teoretisk er det banalt, men jeg tror det må være opplevd, eller på et vis gjennomtrenge den som skriver, for at teksten skal fungere eller bli annet enn overflate. Og jeg kunne selvfølgelig sagt noe annet.»

I DEN TIDA EG har vore lærar på Diktkammeret, tykkjer eg at mange av dei som skriv har vorte flinkare til å utnytta den fridommen som diktskrivinga kan opna for oss. Menneska er ofte tryggleikssøkjande, og det er lett å påvisa det som Erich Fromm kalla ”Flukta frå fridommen”.

Me må våga noko for å sjå språket og verda i nytt lys. Eller i nytt mørker. Å gå inn i labyrintane er ingen leik. Kanskje finst det ein Minotaurus der inne. Kanskje finne me ikkje attende til inngangen/utgangen. Kanskje kjem me til å tenkja noko nytt om oss sjølv eller omverda? Og eg kunne sjølvsagt ha sagt noko anna.

Jørgen, Trojan og Cecilie

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
28. februar 2007 kl. 22.59

Dette held ikkje mål som poesi ditt trehoda troll!

Det må meir jobbing og meir dikting til. Les her:

Dei tre beina på poesiens krakk

Her skal me sjå på tre element, tre grunnleggjande bein eller søyler, som bør vera tilstades når ein lagar eit dikt.

Helge Torvund
Mandag 15.03.2004, 12:21
oppdatert 15:43

FOR DET FØRSTE er det teknisk kunnskap om skriving, eller handverksdelen, om du vil. For det andre; det overraskande og nye i framstillinga. Og for det tredje er det eit personleg element, det som knyter diktet opp til det menneskelege gjennom felles erfaring sett gjennom eit individuelt temperament.
I fasar av kunst- og litteraturhistoria har ein lagt ulik vekt på desse elementa. Etter mitt syn vert det svakare dikt dersom eitt av desse elementa får altfor stor vekt, slik at det går for mykje ut over dei andre. I kunstverda i dag kan ein ofte sjå at det er elementet som har med det overraskande og nye, det grensesprengjande og sensasjonelle, som vert tillagt mest vekt. Faren er då openbart at ein nedvurderer det handverksmessige og det personlege, slik at det som vert skapt vert ein gimmick, effektmakeri og nærmar seg det lettvinte eller overflatiske. Ein kan også sjå døme på at det er eit bodskap som vert det viktigaste, og hemmar poesiens irrasjonelle framvekst.

I andre fasar, gjerne seint i ein fase der ein stil har kome over sitt høgdepunkt av nyskaping, har ein sett ei overvekt på det formelle og handverksmessige. Noko som lett fører til at ein byggjer dikta opp på det som alt er kjent, og skapar keisame, men formelt høgt utvikla gjentakingar av tidlegare verk.

Ein kan også innanfor lyrikken at det personlege kan få altfor stor vekt, og der eit kvart dagboksaktig notat av temmeleg privat karakter, utan formell forløysing eller nyskapande vriar, får gå for god fisk.

I DAGENS KLIMA kan det sjå ut til at ein er iferd med å verta meir opptekne av at ein må bryta ut av det flinke og handverksmessig gjennomførte, og at ein må nedvurdera det personlege, den eigne stemmen. Det er sjølvsagt ingen grunn til å verta opprørt av slike rørsler frå noko mot noko anna. All utvikling i diktinga vil vera prega av at ein utforskar grenser her. Skal det koma fram nye ting og skapa spenning i det litterære miljøet, så vil ofte slike utbrot og forsøk på å strekkje tinga mot nok ekstremt gå føre. Bare sjeldan vil det vera noko av dette som vert ståande som varig spennande og god lyrikk. Men det kan skje, og ofte er det i alle fall spenningsskapande i samtida når folk gjer noko som ein har sett før.

Når forfattarar snakkar om at ein må ”våga å skriva dårleg”, fortel dette om ei lyst til å nedvurdera det flinke og handverksmessig avslipte.

Det vil som regel vera slik at det å skriva MOT tradisjonen og prøva å riva ned vedtekne fordommar eller normer om korleis dikt skal vera, krev ein viss innsikt i tradisjon og kunnskap om den opparbeidde handverksbasis som eksisterar, og verdiar og grenser som ein vil kjempa mot eller bryta ut av.

FOR Å GJE NOKRE døme på dikt som går langt i ulike retningar, kan me byrja med eit dikt av Triztan Tzara som legg stor vekt på det grensesprengjande ved nærast å seia opp den felles kontrakt mellom skrivar og lesar, ved å innføre element av det meiningslause og ikkje-kommuniserande. Dette var Dadakunsten sin metode for å riva ned etablerte verdiar og leggja ope kunstlandskapet for det nye:

a e o jojojo i e o å
jojojo
drrrrrdrrrrdrrrrgrrrr
grrrgrrrr
biter av grønn tid svever i
mitt rom
a e å ii e a o ii ii sekk
midt i en flekk gå vekk
tatrum trum og trekk firernes
fang
b i n g b o n g b i n g
b a n g
hvor skal du iiiiiiupft
maskinist osean a ou ith

(Gjendikting ved Sissel Lie og Karin Gundersen)

Eit døme på eit dikt der det formelle og handverksmessige er lagt veldig stor vekt på kan vera følgjande vers av Arnulf Øverland:

Et seil glir bort i kveldens blå,
og sakte faller søvnen på,
og under nattens stjernebro
går mennesker og dyr til ro.

Og søvnen faller, sort og sær,
på mennesker og dyr og trær.
Men først bak stjernene et sted
er søvnen søvn, er freden fred.

Og til slutt kan me sjå på eit dikt der det er lagt ekstrem vekt på det personlege utgangpunkt og den private erfaringa:

I går köpte jag blommor åt min älskade.
På kvällen grälade vi om olika stjärn-
bilder och tillagning av Janssons
Frestelse.
I vredesmod bröt jag sönder liljorna,
drack mig full och lade mig på golvet
i kokvrån.
Vasen stod kvar på ekbordet, ruelsen
blev mig nästen övermäktig. Klockan
tre på natten satte jag resterna av
blommorna i en skål.
Just då, i rummet som endast belystes
av en gatelampa, kysste hon mig och kröp
in under filten.
Att försonas – idag skall jag köpa
en ros och dessutom ett paket säkerhets-
nålar till mina kalsongar, ty dessa är
alltför vida i midjan.

(Lars Lundkvist)

ta ein kikk på dette

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
3. mars 2007 kl. 22.53

Det er faktisk slik at før Diktkammeret, ja, så kom Dagbladets haikuskole, (og så poetikon, då,) men altså, ta ein kikk på Øystein Hauge sine råd,
og lån begge bøkene som Paal-Helge Haugen har gitt ut på norsk. Blad frå ein austleg hage og den nye versjonen. Dei inneheld ikkje bare god informasjon, men nokre av dei beste gjendiktingane. Vidare finst det glimrande bøker på dansk, Hans Jørgen Nielsen, og mange, mange på englesk. Også mykje godt stoff og mange forum oå nettet:

http://www.dagbladet.no/kultur/2000/10/02/221584.html

http://www.toyomasu.com/haiku/

http://www.litkicks.com/BeatPages/page.jsp?what=OnWesternHaiku

http://home.clara.net/nhi/hk006.htm

http://pages.infinit.net/haiku/histnortham.htm

helge t.

Minileksjon: Mads Rydman

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar, lest 83 ganger
4. mars 2007 kl. 11.03

I dag har eg lyst å trekkja fram ein svensk poet som på grunn av ei einaste diktsamling kom til å bety ein del for meg. Mads Rydman gjer i ditksamlinga "Kravanföraren" eit heilt spesielt grep. Han skapar om drabantbyen Bagarmossen utanfor Stockholm, som kan samanliknast med Lamberseter, til ein karavanestasjon i Gobiørkenen. Og sin treroms bustad der gjer han om til ein "jurt", teltet for kvardagslege gjeremål og ritual. Han koplar dei to kulturane saman til e i poetisk verd. Etter å ha skildra korleis han om natta, medan barna søv trygt i sine senger, sliper sitt kvassaste sverd på kjøkkenet, skriv han:

Skulle en demon ringa på
behøver jag bare visa upp mitt svärd.
jag vet då att jag får lyssna
til hur hissen försvinner nedåt,
och sedan hur porten öppnas
och slår igjen.

Han kan møta på Karavaneførarane på T-banen, der han står innehylla i Gobi-ørkenen sitt flagg. Og gjennom heile boka oppstår på eit merkeleg naturleg vis denne doble geografien og kulturen. Her er noko å læra av når det gjeld å ta annleise og nye perspektiv på saker og ting.

De kan lesa om Mads Rydman i "Mellom himmel og jord" (Tiden 2002) av Arne Ruste, i essayet: "En halvbror i utkanten av Gobi" (artikkelen finn du også i "Det menneske glemmer jeg aldri" (Pantagruel Forlag 2000)

Vidare finst det ein artikkel som heiter "Poeten, sjefen og demonane. Eit besøk hjå Stockholms einaste ørkenpoet" i "Håplaust forelska i sitt eige skjelett" av underteikna (Samlaget,1995) ein artikkel som også finst illustrert med foto frå møtet med Mads Rydman i Stockholm, tekne av min venn og reisekamerat Morten Brun, i Poesi Magasin, nr. 1 1984.

helge t.