Monday, March 5, 2007

Jørgen, Trojan og Cecilie

Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
28. februar 2007 kl. 22.59

Dette held ikkje mål som poesi ditt trehoda troll!

Det må meir jobbing og meir dikting til. Les her:

Dei tre beina på poesiens krakk

Her skal me sjå på tre element, tre grunnleggjande bein eller søyler, som bør vera tilstades når ein lagar eit dikt.

Helge Torvund
Mandag 15.03.2004, 12:21
oppdatert 15:43

FOR DET FØRSTE er det teknisk kunnskap om skriving, eller handverksdelen, om du vil. For det andre; det overraskande og nye i framstillinga. Og for det tredje er det eit personleg element, det som knyter diktet opp til det menneskelege gjennom felles erfaring sett gjennom eit individuelt temperament.
I fasar av kunst- og litteraturhistoria har ein lagt ulik vekt på desse elementa. Etter mitt syn vert det svakare dikt dersom eitt av desse elementa får altfor stor vekt, slik at det går for mykje ut over dei andre. I kunstverda i dag kan ein ofte sjå at det er elementet som har med det overraskande og nye, det grensesprengjande og sensasjonelle, som vert tillagt mest vekt. Faren er då openbart at ein nedvurderer det handverksmessige og det personlege, slik at det som vert skapt vert ein gimmick, effektmakeri og nærmar seg det lettvinte eller overflatiske. Ein kan også sjå døme på at det er eit bodskap som vert det viktigaste, og hemmar poesiens irrasjonelle framvekst.

I andre fasar, gjerne seint i ein fase der ein stil har kome over sitt høgdepunkt av nyskaping, har ein sett ei overvekt på det formelle og handverksmessige. Noko som lett fører til at ein byggjer dikta opp på det som alt er kjent, og skapar keisame, men formelt høgt utvikla gjentakingar av tidlegare verk.

Ein kan også innanfor lyrikken at det personlege kan få altfor stor vekt, og der eit kvart dagboksaktig notat av temmeleg privat karakter, utan formell forløysing eller nyskapande vriar, får gå for god fisk.

I DAGENS KLIMA kan det sjå ut til at ein er iferd med å verta meir opptekne av at ein må bryta ut av det flinke og handverksmessig gjennomførte, og at ein må nedvurdera det personlege, den eigne stemmen. Det er sjølvsagt ingen grunn til å verta opprørt av slike rørsler frå noko mot noko anna. All utvikling i diktinga vil vera prega av at ein utforskar grenser her. Skal det koma fram nye ting og skapa spenning i det litterære miljøet, så vil ofte slike utbrot og forsøk på å strekkje tinga mot nok ekstremt gå føre. Bare sjeldan vil det vera noko av dette som vert ståande som varig spennande og god lyrikk. Men det kan skje, og ofte er det i alle fall spenningsskapande i samtida når folk gjer noko som ein har sett før.

Når forfattarar snakkar om at ein må ”våga å skriva dårleg”, fortel dette om ei lyst til å nedvurdera det flinke og handverksmessig avslipte.

Det vil som regel vera slik at det å skriva MOT tradisjonen og prøva å riva ned vedtekne fordommar eller normer om korleis dikt skal vera, krev ein viss innsikt i tradisjon og kunnskap om den opparbeidde handverksbasis som eksisterar, og verdiar og grenser som ein vil kjempa mot eller bryta ut av.

FOR Å GJE NOKRE døme på dikt som går langt i ulike retningar, kan me byrja med eit dikt av Triztan Tzara som legg stor vekt på det grensesprengjande ved nærast å seia opp den felles kontrakt mellom skrivar og lesar, ved å innføre element av det meiningslause og ikkje-kommuniserande. Dette var Dadakunsten sin metode for å riva ned etablerte verdiar og leggja ope kunstlandskapet for det nye:

a e o jojojo i e o å
jojojo
drrrrrdrrrrdrrrrgrrrr
grrrgrrrr
biter av grønn tid svever i
mitt rom
a e å ii e a o ii ii sekk
midt i en flekk gå vekk
tatrum trum og trekk firernes
fang
b i n g b o n g b i n g
b a n g
hvor skal du iiiiiiupft
maskinist osean a ou ith

(Gjendikting ved Sissel Lie og Karin Gundersen)

Eit døme på eit dikt der det formelle og handverksmessige er lagt veldig stor vekt på kan vera følgjande vers av Arnulf Øverland:

Et seil glir bort i kveldens blå,
og sakte faller søvnen på,
og under nattens stjernebro
går mennesker og dyr til ro.

Og søvnen faller, sort og sær,
på mennesker og dyr og trær.
Men først bak stjernene et sted
er søvnen søvn, er freden fred.

Og til slutt kan me sjå på eit dikt der det er lagt ekstrem vekt på det personlege utgangpunkt og den private erfaringa:

I går köpte jag blommor åt min älskade.
På kvällen grälade vi om olika stjärn-
bilder och tillagning av Janssons
Frestelse.
I vredesmod bröt jag sönder liljorna,
drack mig full och lade mig på golvet
i kokvrån.
Vasen stod kvar på ekbordet, ruelsen
blev mig nästen övermäktig. Klockan
tre på natten satte jag resterna av
blommorna i en skål.
Just då, i rummet som endast belystes
av en gatelampa, kysste hon mig och kröp
in under filten.
Att försonas – idag skall jag köpa
en ros och dessutom ett paket säkerhets-
nålar till mina kalsongar, ty dessa är
alltför vida i midjan.

(Lars Lundkvist)

No comments: