Skrevet av Helge Torvund, diktlærar
1. mars 2007 kl. 07.39
At du gjentek ordet gater på ei og same linje, fekk meg straks til å tenkja på hastverk. Og når du skriv "di er roleg, verda gror frisk medan du snakkar. Alt er endra og heilag" med to feil også her, fekk eg forsterka det inntrykket." Dikt skal helst mognast fram over tid, og gjerne liggja ei stund før ein presnterer det for andre. Sjølvsagt kan dei av og til skrivast raskt ned, men bør uansett gjennomgåast grundig: først kutte ut alle ord som er unødvendige, ver særleg merksam på småord spm så og og og men etc. Bruken av ordet "Alt" er interessant. Det har ein speseill verknad, ved å gjera ting mangetydige, og mogleg for suggesjon og lesarmedverknad, men det vert også uklårt og vagt. Det finst noko inne i desse linjene som eg tenkjer du kan jobba vidare med, men skrell bort, ver tålmodig, stramm inn, kjenn etter kva du vil at teksten først og fresmt skal formidla og nærm deg denne kjernen.
Monday, March 5, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment