Leksjon Januar 2005
Å samla saman ei samling
Deltakarane på Diktkammeret har ytra ønske om ein leksjon om det å setja saman dikt til eit manuskript.
Av Helge Torvund
(Dagbladet.no): Diktkammeret har fireårsjubileum i februar. Ingen høg alder, men det har vore fire ufatteleg aktive år. Deltakarane har på det meste sendt inn opp mot 8000 innlegg i månaden og aktiviteten held seg jamt høg heile tida, heile døgeret, veke etter veke. Bare på julaftan er det stille ei stund mellom klokka 16 og 20, før det barkar laus igjen.
Sidan me starta opp har også ein del av deltakarane som har vore aktive på Diktkammeret kome ut i bokform. Og fleire vil det sikkert bli. Det har aldri vore noko uttalt mål å føra deltakarane fram til bokutgjeving, sjølvsagt. Ein kvar skal møtast der ho eller han måtte vera i utviklinga. Men mange av deltakarane har sagt seg interesserte i informasjon kring dette med å ta kontakt med eit forlag, og eg har fleire gonger vorte oppmoda om å laga ein leksjon om det å setja saman eit manus med tanke på å laga ei diktsamling.
Det å setja saman dikt til ei bok kan naturlegvis gjerast etter svært mange ulike prinsipp. Ein kan òg tenkja seg at det skjer på ein skala frå den tilfeldig samanraska diktbunka til den heilt gjennomførte samanhengande komposisjonen. Dei fleste vil nok i dag gå i retning av det siste alternativet med medviten komposisjon, heller enn det meir vilkårlege, men det er lov å spørja om det bare er positivt at det er slik.
Det finst jo ingen bastante reglar eller nokon fasit, og det vil ofte vera det mest spennande om ein kan kome over eit nytt konsept å arbeida ut frå. Erfarne og etablerte poetar som Tomas Tranströmer, har også teke til orde for å gjenreisa det einskilde diktet som eining i ei bok. Det er ikkje sikkert diktinga og bøkene vil tena på at ein alltid tenkjer i syklusar og større samanhengar. Kanskje var det ein undertone av det også i tittelen til Johan Grip si samling ”Enkle dikt”, og Nils-Øivind Haagensen si bok ”Enkelte dikt”. I Sverige har dei i alle fall i tidlegare år, hatt ein sterkare tradisjon for å sleppa det tematiske kravet som ligg i ein spesifikk tittel, i og med at mange diktsamlingar bare heitte ”Dikter”. Å skriva eitt skikkeleg godt dikt som kan stå for seg sjølv over tid, er eit høgt nok mål for dei fleste av oss.
Byrjing og slutt
Men når ein nå har teke ein runde i skuffer og skap, hyller og herbariumsmapper, og samla dikta saman, (det er vel slik ordet ”diktsamling” skal forståast?), finst det då nokre gode råd å gje for den vidare prosessen?
Vel, nå vil ein jo gjerne tenkja at alle dikta er like fabelaktig, strålande gode og spiddar lesaren med sitt suverene spyd av inntrykk, eller tek omkring han/ho med mjuke hender og sendar dei rett i ekstasen. I røynda er det nok slik at sjølv den som har skrive dikta, kan sjå at nokre er meir vellykka enn andre. Då går det an å tenkja litt slik musikarane gjorde når dei sette saman ei LP-plate før i tida. Ein burde ha ein veldig god melodi (her: eit veldig godt dikt) som opning, og helst ein veldig god nummer to som oppfølgjar, for å få festa grepet og inntrykket av at dette er skikkelege saker. Så er det viktig at dersom ein har eit titteldikt, så må det også vera av dei sterke i samlinga, og ikkje vera noko ein lagar bare for å ha eit titteldikt.
Også sluttinntrykket er viktig. Her bør det vera eit par skikkeleg bra dikt som avslutning. Noko av det same prinsippet gjeld for siste diktet, som for siste linja i eit dikt. Ikkje la det vera eit metakommuniserande dikt som oppsummerar og fortel lesaren kva han/ho bør ha fått med seg før. Lat det heller vera eit godt dikt som er på nivå med det beste i boka, og som gjerne har ei form for open avslutning. Noko som spennar litt ifrå og set lesarsinnet i sving og ut i eit større rom.
Tittel
Å laga ein god tittel er kanskje noko av det vanskelegaste av alt, men tittelen kan sjølvsagt av og til også vera det einaste ein har (Eit fenomen som ofte vert referert til som ”latskap”). Tittelen bør fortelja noko om innhaldet og samstundes pirra folk med noko usagt, gåtefullt, spenningsfylt og interessevekkjande. Nokre gode titlar er klåre og lysande samansette ord, som ”Vinterhuset”. Andre er harde som knyttnevar, som ”Åtti kilo angst”. Ein kan ofte finna dei gode titlane skjult i ei skarp og fersk formulering inne i eit av dikta, som ”Avstanden er eit vipeskrik”, eller det kan vera tittelen på eit dikt som utmerkar seg, ”Hegrehøyden”.
Dersom ein har eit ferdigstilt manus og manglar tittel, er den tida som ligg framfor ein totalt øydelagt, ruinert, kaputt!! Alle tankane vil sirkla omkring det å finna ein tittel. All skriftleg informasjon, all munnleg kommunikasjon vert skanna etter moglege konsentrat som kan verta bra titlar. Titlar i hundretal vert vurdert og forkasta, særleg kring klokka fire om natta. Aggressivt samanrulla papirlappar ligg over alt. Anna arbeid vert forsømt, familien fortvilar, ein sjølv er ein fare i trafikken, ein katastrofe for banken. Og når ein så endeleg finn den tittelen ein har leita etter, glir ein inn i ein euforisk tilstand prega av eit fjernt, lysande blikk og eit lurt sjukleg smil. Eit avvik som ennå ikkje har fått nokon spesifikk diagnose.
Kronologi
Eit av dei vanlegaste prinsippa ein ser for å setja saman dikt, er å skape ein slag kronologisk rekkefølgje. Det vil seia at ein gjenskaper døgeret eller til dømes årets gang ved å la vårdikt koma før sommardikt og haustdikt koma før vinterdikt. Og så kan ein avslutta med eit nyttårsdikt, kanskje noko i tråd med dette som ein elev i 5. klasse på Nærbø skreiv ein gong etter eit skrivekurs:
Eg er ein kalender.
Eg fyller året i desember.
Dersom dikta fortel ei historie som utviklar seg, sei gjennom sjukdom til død, gravferd og ettertanke, slik diktsamlingane ”Gravferd” av Jan Askelund følgjer dei seremonielle forskriftene frå Gudstenesteboka for Den norske kyrkja, og ”Kvit, og som vind” av Fonneland er ei soge om alder og sjukdom, så vil sjølvsagt den episke kronologien vera ein naturleg tråd i komposisjonen. I ”Robin Hood Hills” av Rune Tuverud er det den tragiske hendinga der tre gutar vert drepne, som avgjer framdrifta, og boka er komponert gjennom ei veksling mellom kortare dikt og lengre prosatekstar som gjev informasjon om utviklinga i hendinga. Også i ”Arbeidet” av Henrik Nor-Hansen er det å byrja å byggja eit hus ein tematisk grunnmur for utvikling og stillstand på mange ulike nivå.
Ei mengd moglege innfallsvinklar
I boka ”Indre krets” av Arne Ruste er det dyredikt som er tema, og forfattaren har komponert samlinga på ein svært uvanleg og spesiell måte: På ei side står det eit lengre og ofte leikande og målande dikt om eit dyr, og på den neste sida står det eit kortfatta knapt og konsentrert dikt om same dyret. Her vert det både samanheng og kontrast.
At dikt vert sett opp mot kvarandre for å skapa spenning og kontrast, kan nyttast som eit dynamisk prinsipp i komposisjonen. Å skapa samanheng kan ein sjølvsagt også gjera ved å føra inn eit tema tidleg i boka som ein så vender attende til ein eller fleire gonger lenger ute. På desse måtane kan ein også få dikta til å verka på kvarandre slik at dei utvidar tyding og tolkingane og får dikta til å verta større og femna meir enn dei kunne gjort aleine.
I Leslie Kaplan si glimrande bok «overskuddet – fabrikken», gjendikta av Hanne Ørstavik, gjev det samla inntrykket av tekstane kraft til det einskilde diktet. Tørt, presist og neddempa stig eit observert industrielt rom fram og fortel om menneska sine vilkår og opplevingar.
Sigmund Mjelve nytta i dei første tre diktsamlingane ulike røyster som komposisjonsmetode. Mytiske figurar som Store oldefar, Benjamin, Gon og Georg Adams får koma til orde.
I Spoon River-antologien til Edgar Lee Masters får dei døde på kyrkjegarden stemme og framfører kvar sitt dikt som til saman fortel historia om eit lite samfunn, med skandalar og alt som høyrer til. I ei anna diktsamling, som rett nok har nemninga punktroman, nemleg «Anne» av Paal-Helge Haugen, er det også slik at ulike fragment og poetiske inntrykk legg seg inntil kvarandre og dannar eit sterkt bilete av lagnadar med episke trådar. Prinsippet i ei av Henrik Nordbrandt sine samlingar, er rett og slett at alle dikta har ti linjer, mens kvar einskilt dikt er sett opp på ulikt vis, 2 + 6 + 2, eller 4 + 4 +2, slik at prinsippet vert usynleg.
Jan Erik Vold har i årevis bygd opp bøkene sine etter strenge matematiske prinsipp som gjeld linjer og vers, bolkar og bok. Men han har sjølvsagt tematiske linjer i innhaldet i tillegg. Og for å ta eit heilt anna utgangspunkt, så tok eg i boka «Kitty K.» rett og slett for meg eit svært avgrensa geografisk område, mitt revir i sanddynene, og alle dikta hadde ei meir eller mindre tydeleg tilknyting til dette området.
Konsept, idé og levande dikting
Men det finst problem ved å byggja ei diktsamling på strenge konseptuelle prinsipp. Eit dikt skal nemleg ha eit spontant uttrykk, eit driv og eit trøkk som har samanheng med andre delar av mennesket enn den konstruerande, analytiske hjernen. Og dersom ein køyrer fram dikt etter dikt for å fylla opp ei oppskrift, ein bestemt idé som ein har avgjort på førehand, vil dikta kunna falla temmeleg døde til arket.
Det tek som oftast lang tid å skapa. Det krev venting og vaking å få fanga opp dei meir totale rørslene som kjem i sving når diktet skapar seg i sinnet og vert bokstavar på papiret. Mange ulike inntrykk, kjensler, refleksjonar og erfaringar skal inn i ein magisk blandebolle. Så sjølv om ein har ein strålande tematisk idé, så bør den ikkje verta for bindande på ein restriktiv måte. Dikta bør få veksa fram med sine uventa sprang og sitt eige pulserande poetiske hjerneforma hjarta.
Leksjon Desember 2004
Surrealistar i alle lam, Vermeer Dykk!
Med denne oppmodinga opnar eg ein leksjon som er ei vedkjenning om at eg held det for sannsynleg at surrealismen er den aller sterkaste og mest nyskapande påverknadskjelda når det gjeld den spennande moderne poesien. Kanskje gjeld det òg biletkunst, foto og film? Ja, til og med reklame?
LES OGSÅ:
Helge Torvund
Mandag 13.12.2004, 12:31
oppdatert 14:10
I denne leksjonen vil eg visa nokre døme på kva slags energi og poetisk sprengkraft som kan koma frå surrealismen, meir enn å definera kva denne retninga er i si mest reindyrka form. Då kan det passa godt å starte med Michaux, som nettopp er ein modernistisk poet som ikkje kan kallast surrealist, men som openbart dreg vekslar på den surrealistiske biletbanken, også kalla det undermedvitne.
Plogene av hvitt sukker, av glass eller porselen er et hinder i trafikken.
Det samme er dammene av helmelk som når en til knærne.
Hvis man tilfeldigvis havner i en tønne, selv om bunnen er slått ut og føttene er fri, vil man få problemer med å sirkulere.
Hvis det ikke skulle være tønner,men kiosker det dreide seg om (riktig festlig for den som ser på, men---) så ville de virkelig gjøre hvert skritt til et slit.
Det samme med et utall gamle kvinnerygger brukt som fortau.
(Gjendikta av J.J. Tønseth og A.K. Haugen)
Her viser Michaux styrken ved den surrealistiske metoden, det å la fantasiane strøyma fritt ut på papiret. Men han demonstrerer også veikskapen. Det som strøymer ukontrollert fram, har lett for å bokstavleg talt flyta ut og verte meir morosamt og formlaust enn direkte gripande og velformulert dikting. Nå kan det sjølvsagt vera morosamt og gripande samstundes, og Michaux kan oppnå det også nokre stadar, men der surrealismen kanskje har hatt den mest gunstige verknaden er når denne metoden samstundes vert halden i visse taumar av ein sans for form og struktur. Då verkar det som om den fastare forma vert lada med meir spenning, og det surrealistiske biletet får ei meir eksplosiv kraft.
Poeten, essayisten og kritikaren Andrè Breton (1896 – 1966) som var teoretikaren for retninga, og skreiv surrealismens manifest (det første i 1924), var sjølvsagt påverka av det nye synet på draumar, drifter og det undermedvitne som Sigmund Freud nyleg hadde lansert. Det grunnleggjande var at den surrealistiske kunsten skulle koma til gjennom ei psykisk automatisk åtferd, der det heile skjer spontant på impulsar frå det undermedvitne og utan at medvitne filter og sensurinstansar får gripa inn.
André Breton skreiv sjølv mange magiske dikt, og gav ut samlingar med titlar som ”Pistolen med kvitt hår” (1932). Og han skreiv sterke oppmodingar som: ”Gå frå alt. Gå frå Dada. Gå frå kona di. Gå frå elskarinna di. Gå frå håpet og angsten. Gå frå barna dine i skogen. Gå frå substansen til skuggen. Gå frå ditt enkle liv, gå frå det du har fått for framtida. Gå ut på vegane!”
Det er eit utal ulike kunstnarar innanfor mange felt som har vore tilhengjarar av eller påverka av surrealismen. Her er vår mann Vicente Huidobro:
Mi høgre hand er ei svale
Mi venstre hand er ein sypress
Hovudet mitt er ein levande mann på framsida
På baksida ein død mann
(Gjendikta av Finn Øglænd)
Korleis klappe takta når hendene er støv?
I Noreg er det få som ope har stadfesta at dei er surrealistar. Av desse er den mest kjende Triztan Vindtorn som i mange år heilt feilaktig var kjent under namnet Kjell Erik. Han har skrive ein flaum av dikt i samlingar med titlar som: Barbeinte skyskrapere (Aschehoug, 1977) og Å skjøte en regnbue (Aschehoug, 2003) I den sistnemnde står det mellom anna:
vi skal gjenkjenne fisken på dens vinterskjerf
for skyggen der nede kan visstnok smelte
og etterlate deg som levende fossil
hvordan klappe takten når hendene er støv
eller opprettholde språket som luftbro
når det finnes så mange orkaner omkring oss?
Ein lyrikar som ope vedstår seg automatskrift som metode, utan at ho står fram og kallar seg surrealist, er Ellen Einan. Ho viser kor ulikt resultatet kan verta gjennom denne metoden, etter kven som skriv. Her er eit utdrag frå boka ”Innefor og utenfor er ett” (Solum, 1999):
Solsøster bleker sine
fugleøyne og bærer sne.
Da vet du angerens vesle
ape gnir sine øyne og
hater.
Vær stille, fange: Her går
de åpne sår.
Her går den blinde tigger.
Men den surrealistske påverknaden kan ein finn hjå mange fleire enn desse, og ofte der ein kanskje minst ventar det. Her er ei vakker linje frå eit dikt av telemarkspoeten Arvid Torgeir Lie:
Vi gynger på havets store grå sumarfuglvenger nå.
Eg oppfattar dette som surrealistisk i sitt uttrykk. Og han kan skriva som dette ein annan stad:
”Snøens ur peker mot døden..”
Då eg første gongen møtte Tor Ulven ein kald vinterdag i 1977 ved den stålglinsande Haukeland-skulpturen ”Air” på universitetsområdet på Blindern, hadde han alt hatt eit måleri på ei surrealistutstilling i Canada. Nå stod han der med si nyutgjevne diktsamling ”Skyggen av urfuglen” (Solum, 1977) i handa og eg med mi første tynne og famlande samling ”Hendene i byen” (Noregs Boklag). Me bytta bøker over snøen.
Både Ulven og den svartkrølla fløytespelaren som introduserte oss for kvarandre, døydde seinare for eiga hand. Men stållufta står framleis på same staden. Ulven dediserte boka til meg med ei automatisk teikning, og gav uttrykk for sitt intense forhold til surrealismen. På denne tida var han rett og slett ein ortodoks surrealist. Med samlingane ”Etter oss, tegn”, og ”Forsvinningspunkt”, etablerte han likevel sin heilt eigen stil som seinare gjer det feil å hekta etiketten ”surrealist” på han. Men det er ingen tvil om at også for han har denne vitale retninga med den kreative sprengkrafta, vore sentral. Slik sett demonstrerer han med all tydelegskap mitt poeng her:
Stille
i salen.
En utgravd kjeve
lener seg over
mikrofonen
og skriker
med istidens
utdødde
stemme.
(Frå Forsvinningspunkt, Gyldendal, 1981)
Diktkammerlova (minileksjon)
SKRIV! - Om massakrer, pikk og fitte, eller lukta av håret til den du elskar. Helge Torvund gir deg en kjapp innføring i hvordan du skriver et godt dikt.
Foto: Erling Hægeland
11 diktvettregler fra Helge Torvund.
Helge Torvund, diktlærar i Diktkammeret
Torsdag 14.10.2004, 14:13
oppdatert 10:59
(Dagbladet.no):
1. Skriv på nysvensk, bokmål, dialekt, dansk, nett som de vil!
2. Skriv så ulikt som mogleg.
3. Skriv om kontroversielle sakar og ting.
4. Oppfør dykk etter vanleg nettskikk!
5. Ver medviten om kvifor du vel det oppsettet du vel til teksten din!
6. Ver ekstra medviten om du bryt med dine eigne premissar for oppsett.
7. Skriv om massakrer, pikk og fitte, krigshissarar og dei grusame følgjene av bruken av uttynna uran, skriv om dritt og søle, skriv om kloakk og måne, vakre blomar og ihelkøyrde pinnsvin. Skriv om aksjer og valdtekt, om lykketroll og halshogging i ørkenen. Dop, død og kanibalisme. Kjærteikn av nåde, måneskin av kyss, og ikkje minst om lukta av håret til den du elskar.
8. Hugs at det løner seg å kritisera. Læraren vil ha elever som går sin eigen veg og ikkje er lydige.
9. Les gjerne alle Torvund sine diktsamlingar, men skriv så ulikt dei som mogleg. Les gjerne alle leksjonane også.
10. Vær tradisjonelle, utradisjonelle, tidlause, avantgardistiske, spydspiss, etterdønning, modernistiske, post-modernistiske, postkontoristar, premature, paranoide og pubertale.
11. Skriv fram di eiga røyst same kva dei andre seier. Til det skal det ein styrke, eit driv som i seg sjølv fortel kvifor du skriv. Keramikaren Aune frå Trondheim fortel: Då far min skulle læra meg å dreia, måtte eg setja alle skålene på ei fjøl, og han kom og inspiserte. Han slo brutalt i golvet dei som ikkje heldt mål. I byrjinga var det alle som ei. Etter kvart vart ei og anna ståande på fjøla. Og etterkvart lærte eg.
Leksjon September 2004
Ein klase rognebær mellom brysta
Svenske Lars Lundkvist er ein særprega nordisk poet som har halde fast på sin eigen poetiske metode.
Med uventa sprang mellom ulike område og plan flettar han sine dikt til små reirliknande korger som har plass til det meste, og så slår han ein himmel over.
Ei av dei første inspirasjonskjeldene hans var samisk magi, og dette er særleg tydeleg i dei første diktsamlingane Njaka (1953) og Njåd (1961).
Andre innslag i veven hans kan vera inntrykk frå Ezra Pound, barneregler og frå ei naivistisk form for surrealisme. Viktige bøker er Trollskot (1986), Skrot (1988) og Tittskåp (1994). Den førebels siste diktsamlinga heiter Utvind og kom i 2003. Eit typisk sitat som viser den naive undringa og gleda over dei tinga som omgjev oss, er dette frå diktet «Rönnbär» i Tjuka (1991):
Ingen bær lyser i september som rognebæra, desse audmjuke og saktmodige fruktene der sola lèt sine barn bu når skulane tek til … Ta imot oss som ei gåve, eit gnistrande under! Og etter du har pynta gravene til dei døde med vin og himalayabalsam – legg då ein klase rognebær mellom brysta til din elskede.
I Bonniers Litterära Magasin skreiv Lennart Sjögren om dikta hans:
«For meg inneheld dikta hans noko av den same konsentrerte styrke i forma som eg kan merka i visse av Cézanne sine stilleben og komposisjonar.» (Nr. 3/1980)
FRIERI
Om du legg ein eplekjerne på tunga mi,
er eg din.
Om du legg han i ei sølvskei
eller på eit tyttebærblad, er eg òg din.
Stikk han i madrassen eller navlen min,
i linninga på skjorta mi, i skoen min –
eg er likevel din.
Slik er naturens lov!
Og Saturn og Mira
står alltid på friaren si side
om han er ærleg og trufast og passe dum.
Og det er eg!
(Frå Tittskåp, 1994)
I eit intervju med poeten Bengt Berg forklarte Lars Lundkvist kva han oppfatta som sentrum og periferi i skrivinga si:
«Sentrum: å inderleg prøva å forstå djevelskapen på jorda, å prøva å trøysta, visa nokon kjærleik, å vilja tru på Takksemd, Glede og Gud. Periferi: ingenting er perifert.» (Rallarros nr. 1/1984)
SJUKDOM, SORG OG GLEDE
Ein morgon opnar du kjøkkenvindauget,
eg sit og les i hagen.
- Vil du ha eit glas vin?
kviskrar du.
me går opp til det rommet
du er mest glad i
der ein gjennom vindauget
langt borte
kan sjå eit fjell
og eit tårn under sola.
Då me seinare går ned trappa
vaklar du –
eg kyssar
halsgropa di.
Me veit begge
at me nettopp
i dette tilveret
har hatt vårt siste famntak.
Ei tid etter at kona han her skriv om, Tove Olga Aurora, døydde, kom Lars Lundkvist opp på kyrkjegarden for å sjå til grava. Snøen var halvannan meter djup. Då han kom fram til grava, var alle blomane borte. Kyrkjetenaren forklarte:
«Jau, du forstår, om nettene kjem rådyra hit opp og et blomane på gravene. Dei har det vanskeleg i denne djupe snøen.»
Seinare på dagen
sit me i sola bak hushjørnet.
Det er mest heilt stilt –
bare dompappen kan me høyra
og snøen som smeltar.
Me er i Paradis.
Eg dett baklengs i snøen
og lagar englebilete.
Du smiler.
Men eg ser ikkje lenger sola
i augo dine.
(Frå Tove Olga Aurora, 1982)
«...det finst noko hjå tinga som seier til meg, Lasse Lundkvist, du forstår ikkje så mykje, du er eit lite barn, det finst så mykje i dette korte tilveret du lever på jorda som du ikkje forstår, men prøv å forstå oss, kikk på oss små ting ...»
I 1982 fekk Lundkvist Nils Ferlin-prisen, og i 1995 fekk han Bellmanprisen.
AMEN
Vilande
mot den varme stenmuren
en sensommardag
Känner stenen
min värme?
Förundran
Livgivelse
Även
Ett vackert ord –
Kanske.
(Frå Utvind, 2003)
(Dikt og sitat omsett av Helge Torvund.)
Leksjon August 2004
Poesi er ikkje bare ord, poesi er bokstavar
Når det går mot haust må alle poetar tenkja gjennom skrivinga på nytt. Kva kan poesien gripa som me ikkje kan uttrykkja i vanleg tale eller i prosa? Kva er det som skjer når poesien oppstår, og kva har vorte sagt om dette?
I 1933 skreiv skulptøren Alberto Giacometti:
enten ting
eller poesi
ingenting anna
Han skapte ting som var poesi. Men her skal me konsentrera oss om den poesien som vert uttrykt gjennom ord. Kva er det ein skapar gjennom diktinga som er meir enn meiningsinnhaldet av orda? Sjølvsagt oppstår det eit hav av samanhengar ved at alle assosiasjonane som kvart ord vekkjer vart fletta saman med eller kolliderer med alle assosiasjonane som dei andre orda skapar.
Sjølv om norsk poesi i dag strekkjer seg over eit veldig breitt felt av uttrykksformer, frå den klåre og forståelege diktinga til Kolbein Falkeid, som i si siste bok «Vind, eple», skriv:
Et helt liv
har jeg bruk på å lære meg tingene her:
Dette er et bord.
Dette er en stol.
og heilt over til Vemund Solheim Ådland som med «Profylaktisk skjønnhet» kan sjå ut til å fjerne seg langt frå leksikalsk innhald og vanleg logikk: «Nylnata bre; k rita O. Eke. Li ty ok».
Hjå Solheim Ådland kan ein nesten seia at orda vert handsama som ting, klangting, poesiting. Men også i andre dikt vil poesien bera med seg ein kunstnarisk verknad på eit anna plan enn den innhaldsmessige tydinga av orda. Klang og samklang, dissonans og musikalske under- og overtonar. Visningar til fjerne samanhengar får opplevingar til å oppstå ein heilt annan stad enn der intellektet tolkar og analyserer seg fram til ei meining. Orda har vaiande tentaklar og sender ut omfattande rotsystem som lesaren ikkje kan ha eksakte bilete av. Upresise forsøk på å seia noko om kva dette går ut på finn me i uttrykk som «deep image» og «leaping poetry».
Det handlar om korleis ord opnar kanalar i det umedvitne og får assosiasjonar til å dukka opp på overflata ein heilt annan stad enn der ein starta, gjerne etter eit sprang eller etter ei moldvarpverksemd under dei laga medvitet kan oppfatta.
Slik kan ein svart sko føra til ei grav, havet kan få rolege sommarfuglvinger, og ein pistol kan få kvitt hår og setja fornufta øvst på ein lang rutsjebane der me ikkje ser kvar det ender bak alle svingane nedover. Og Einar Økland skubbar oss utfor og seier:
Den som har kome i sving
vil alltid svinge
svinge
aller mest
når allting svingar minst
Men før dette, heilt nede på bokstavplanet, kan poeten oppleva at bokstavtingen snakkar på ein annan måte enn opplæringa i alfabetet har lært oss. Kanskje er det meir snakk om eit alvebitt?
Rimbaud skreiv: «A svart, E kvit, I raud, U grøn, O blå – vokal,/ ein dag skal eg segja kva løynd du kom ifrå» og gav oss si oppfatning av korleis bokstavane kan knytast til visuelle sanseinntrykk eller kanskje til indre fargeopplevingar?
Om korleis bokstavane kan verka på oss fortel dette også noko: Ein V kan vera ein flokk med gjæser, eit forhold kan gå til h.. eller alt kan vera på G. Frå A til Å. Må du sei B, sjølv om du er eit A-menneske?
Ville gå vidare i alfabetet.
Ville gå etter lyden av vatn.
skriv Einar Økland i diktet «Analfabet». Gunnar Ekelöf skriv om ei unik Abc-bok som me eig i vårt indre og som er det kjæraste diktaren eig. Han snakkar om å læra å skriva og setja saman bokstavane på nytt som ei form for avlæring; å riva dei laus frå all konvensjonell tyding. Anders Olsson skriv i sin Ekelöf-biografi at dette inneber å føra språket attende til ein fruktbar urtilstand, slik at språket vert ein ubrukt materie som ikkje har meining ennå.
Då skulle me kunna byrja! Og herifrå får den einskilde ta seg fram mot diktet sitt på eiga hand. Og om nokon spør seg om det er verdt strevet, så seier Charles Bukowski i diktet «so you want to be a writer»:
if it doesn’t come bursting out of you
in spite of everything,
don’t do it.
Og om nokon spør meg, kvifor eg held på og held på med dette arbeidet, veit eg ikkje betre enn å visa til den russiske poeten Joseph Brodsky, som Finn Skårderud siterer i si siste bok, «Andre reiser»:
Estetisk sans er selvoppholdelsesdriftens tvilling, og mer pålitelig enn etikken.
Etter årevis med arbeid og tenking, teikning, skulptur og måleri, oppsummerar Giacometti optimistisk: Eg forstår ikkje lenger nokon ting av livet, av døden eller av nokon ting i det heile.
Optimistisk? Ja, for som Paul Eluard har formulert det: «Kjærleiken er det uferdige mennesket.»
Leksjon Mars 2004
Dei tre beina på poesiens krakk
Her skal me sjå på tre element, tre grunnleggjande bein eller søyler, som bør vera tilstades når ein lagar eit dikt.
Helge Torvund
Mandag 15.03.2004, 12:21
oppdatert 15:43
FOR DET FØRSTE er det teknisk kunnskap om skriving, eller handverksdelen, om du vil. For det andre; det overraskande og nye i framstillinga. Og for det tredje er det eit personleg element, det som knyter diktet opp til det menneskelege gjennom felles erfaring sett gjennom eit individuelt temperament.
I fasar av kunst- og litteraturhistoria har ein lagt ulik vekt på desse elementa. Etter mitt syn vert det svakare dikt dersom eitt av desse elementa får altfor stor vekt, slik at det går for mykje ut over dei andre. I kunstverda i dag kan ein ofte sjå at det er elementet som har med det overraskande og nye, det grensesprengjande og sensasjonelle, som vert tillagt mest vekt. Faren er då openbart at ein nedvurderer det handverksmessige og det personlege, slik at det som vert skapt vert ein gimmick, effektmakeri og nærmar seg det lettvinte eller overflatiske. Ein kan også sjå døme på at det er eit bodskap som vert det viktigaste, og hemmar poesiens irrasjonelle framvekst.
I andre fasar, gjerne seint i ein fase der ein stil har kome over sitt høgdepunkt av nyskaping, har ein sett ei overvekt på det formelle og handverksmessige. Noko som lett fører til at ein byggjer dikta opp på det som alt er kjent, og skapar keisame, men formelt høgt utvikla gjentakingar av tidlegare verk.
Ein kan også innanfor lyrikken at det personlege kan få altfor stor vekt, og der eit kvart dagboksaktig notat av temmeleg privat karakter, utan formell forløysing eller nyskapande vriar, får gå for god fisk.
I DAGENS KLIMA kan det sjå ut til at ein er iferd med å verta meir opptekne av at ein må bryta ut av det flinke og handverksmessig gjennomførte, og at ein må nedvurdera det personlege, den eigne stemmen. Det er sjølvsagt ingen grunn til å verta opprørt av slike rørsler frå noko mot noko anna. All utvikling i diktinga vil vera prega av at ein utforskar grenser her. Skal det koma fram nye ting og skapa spenning i det litterære miljøet, så vil ofte slike utbrot og forsøk på å strekkje tinga mot nok ekstremt gå føre. Bare sjeldan vil det vera noko av dette som vert ståande som varig spennande og god lyrikk. Men det kan skje, og ofte er det i alle fall spenningsskapande i samtida når folk gjer noko som ein har sett før.
Når forfattarar snakkar om at ein må ”våga å skriva dårleg”, fortel dette om ei lyst til å nedvurdera det flinke og handverksmessig avslipte.
Det vil som regel vera slik at det å skriva MOT tradisjonen og prøva å riva ned vedtekne fordommar eller normer om korleis dikt skal vera, krev ein viss innsikt i tradisjon og kunnskap om den opparbeidde handverksbasis som eksisterar, og verdiar og grenser som ein vil kjempa mot eller bryta ut av.
FOR Å GJE NOKRE døme på dikt som går langt i ulike retningar, kan me byrja med eit dikt av Triztan Tzara som legg stor vekt på det grensesprengjande ved nærast å seia opp den felles kontrakt mellom skrivar og lesar, ved å innføre element av det meiningslause og ikkje-kommuniserande. Dette var Dadakunsten sin metode for å riva ned etablerte verdiar og leggja ope kunstlandskapet for det nye:
a e o jojojo i e o å
jojojo
drrrrrdrrrrdrrrrgrrrr
grrrgrrrr
biter av grønn tid svever i
mitt rom
a e å ii e a o ii ii sekk
midt i en flekk gå vekk
tatrum trum og trekk firernes
fang
b i n g b o n g b i n g
b a n g
hvor skal du iiiiiiupft
maskinist osean a ou ith
(Gjendikting ved Sissel Lie og Karin Gundersen)
Eit døme på eit dikt der det formelle og handverksmessige er lagt veldig stor vekt på kan vera følgjande vers av Arnulf Øverland:
Et seil glir bort i kveldens blå,
og sakte faller søvnen på,
og under nattens stjernebro
går mennesker og dyr til ro.
Og søvnen faller, sort og sær,
på mennesker og dyr og trær.
Men først bak stjernene et sted
er søvnen søvn, er freden fred.
Og til slutt kan me sjå på eit dikt der det er lagt ekstrem vekt på det personlege utgangpunkt og den private erfaringa:
I går köpte jag blommor åt min älskade.
På kvällen grälade vi om olika stjärn-
bilder och tillagning av Janssons
Frestelse.
I vredesmod bröt jag sönder liljorna,
drack mig full och lade mig på golvet
i kokvrån.
Vasen stod kvar på ekbordet, ruelsen
blev mig nästen övermäktig. Klockan
tre på natten satte jag resterna av
blommorna i en skål.
Just då, i rummet som endast belystes
av en gatelampa, kysste hon mig och kröp
in under filten.
Att försonas – idag skall jag köpa
en ros och dessutom ett paket säkerhets-
nålar till mina kalsongar, ty dessa är
alltför vida i midjan.
(Lars Lundkvist)
Leksjon November 2003
Å røra ved orda
Det kan nå vera på sin plass å trekkja fram nokre poetar som ikkje får så mykje merksemd. Denne gongen vil eg fokusera på Kurt Narvesen, skriv Helge Torvund i denne leksjonen.
Fredag 21.11.2003, 14:33
oppdatert 13:03
I ein del leksjonar har eg vist til kjende nordiske og internasjonale poetar. Det kan nå vera på sin plass å trekkja fram nokre poetar som me finn i hylla på alle bibliotek, men som ikkje får så mykje merksemd. Her ventar mange gode leseopplevingar på den som går på leit.
Denne gongen vil eg fokusera på Kurt Narvesen. Ein poet med seks diktsamlingar bak seg samt fleire gjendiktingar. Han har ein særeigen evne til å skape empati gjennom skråblikk og sjølvironi, og formulerer skarpe glimt av menneskeleg lagnad.
Tidlig på morgenen
går en ikke helt ung mann
trappene ned til bakgården,
peiler ut retningen fra
soveværelsesvinduet
og finner efter mange spark i snøen
annet bind av
Verdens Litteraturhistorie.
Fornøyd rusler han rundt
til inngansgdøren:
der, vet han,
skal det ligge en koffert.
Med begge eiendeler i hånden
låser han seg inn
og vandrer mot tredje etasje.
Vel inne i leiligheten
hører han sin kone rumstere
med frokosten.
Den ikke helt unge mannen
trekker tankefullt
frakken av.
(«Favntak», Gyldendal/Den norske Bokklubben, 1990)
Med sitt enkle språk og sitt direkte utgangspunkt i gjenkjennelege situasjonar, fører han ofte lesaren inn mot større spørsmål av eksistensiell karakter. Den lune humoren som han legg over menneska som ei varm kappe kring hutrande skuldrer, er karakteristisk. Men i dikta om små og store ting, dukkar dette skeive smilet av og til opp der du minst venter det, og nokre gonger er han bare alvorleg, eller forundra:
Det er ikke bare det
at du selv er borte –
det er et helt liv
jeg ikke skal leve.
Det er steder jeg ikke skal bo,
gater jeg ikke skal krysse,
mennesker som aldri skal bli
hverken venn eller fiende,
barn som aldri skal få dine
eller mine ansiktsdrag –
Alt dette er over meg iblandt,
men tanken kan ikke romme det.
Mer enn av egentlig sorg
fylles jeg av en dyp og forferdet
forundring.
(«Ved bredden», Gyldendal 1985)
Her får me på forståeleg vis lagt ut den grunnleggjande eksistensielle innsikta om korleis liv går tapt ved skiljevegar. Hjå Narvesen er det ikkje noko skilje mellom sentrallyrikk og samfunnskritikk, mellom absurd humor og religiøs undring. Midt mellom viltre tekstar om Kravlause Borgny, Filip den feite av Castilla og andre sære skapningar, finst det djupt personlege setningar som peiker med stort alvor mot noko i samfunnet kring oss som gjekk forferdeleg galt:
Vi er midt i en verdenskrig – en halv million mennesker faller hvert
år. Det er en stillferdig krig, den foregår mellom bankpalasser og
boligblokker, i øde gater og i gater som strømmer av mennesker, for
mange mennesker. Det er en krig mindre mellom mennesker enn
mellom mennesker og ting, døde ting; den krever sine ofre på mørke
kvistrom, i lyse leiligheter, på gatene der vervinga pågikk. Våpnene
er piller, flasker, barberblad, sprøyter, balkonger. Ingen freds-
konferanse kan stanse en slik krig. Ingen traktat kan avskaffe den.
Det må andre midler til.
(«Til vannmannens terskel», Dikt/Tekster. Gyldendal 1977)
Dikta har oftast ei eller anna forankring i levd liv, i kvardagens konkrete situasjon, så rører poeten ved orda, og dreg inn den nedskrivne verda, slik han kjenner den frå bøker av mange slag; dikt, songar, verdshistorie, litteraturhistorie. Han flettar ofte inn problemstillingar som tenkjarar og filosofar, religiøse som verdslege, har tumla med i alle år, og gjev dei sitt eige stempel. Ofte med resignasjonens såre smil, men mange gonger også med eit opplivande energisk utbrot.
Jeg har våket meg gjennom en natt
med kaffe, konjakk og kabal,
med gode venners og dagers
usynlige varmende nærvær –
Velsignede timer alene!
Velsignede timer alene i selskap som dette!
Nå er morgenen her,
mer enn på lenge, lenge
har jeg brev å skrive –
Brev? Nevnte jeg brev?
Stå parat, billettører!
Selg meg det dere har,
selg meg av hjertens lyst,
jeg vil til verden!
Men først vil jeg og min sjel
unne oss frokostmat,
her, i ringen av gjester,
her, vendt mot soloppgangen.
Se nå glimter det til der ute!
Det er som å se en engel tumle
morgenlystig omkring.
Et og annet uhørt pussig
skal røre ved jorden også i dag.
(«Ved bredden», Gyldendal, 1985)
Leksjon April 2003
Antikrigsdikt
«DET FALLER INGEN BOMBER I DAG»: Jan Erik Vold leste et av sine antikrigdikt på Youngstorget under antikrigsdemonstrasjonen 15. februar i år.
Foto: Tom Martinsen
Gode antikrigsdikt har ein tendens til å halda fram med å vera aktuelle. Så og seia alle dei store poetane våre har skrive antikrigsdikt.
Helge Torvund
Onsdag 02.04.2003, 07:31
oppdatert 10:51
Jag är en stor Gud
och mitt pris är 3:40 litern
och människorna slår ihjäl varandra
för min skull.
Slik opna den svenske poeten Henry Parland sitt dikt Benzin i 1930. Antikrigsdiktet har lange tradisjonar, men ein skal ikkje stikke under ein stol at dikt også har vorte skrivne av krigshissarar. Ikkje lenge etter at «Poets against War» nyleg hadde vorte starta i U.S.A., kom det opp ei nettside med folk som kalla seg «Poets for the War» og som forsvarer krigen mot Irak. Eg har ei meining om kvar dei beste poetane er med, men den skal eg halda for meg sjølv.
Antikrigsdikt finn du hjå så og seia alle dei store poetane våre; Stein Mehren, Rolf Jacobsen, Arvid Torgeir Lie, Tor Obrestad, Jan Erik Vold, Terje Johanssen, for bare å nemna nokre få. Gode antikrigsdikt har dessverre hatt ein tendens til å halda fram med å vera aktuelle.
Og det finst mange av dei, og dei finst i mange slags former. Her er eit utsnitt av eit dikt av Einar Økland:
Ja, same kva framtid
dei var med og skapte –
alle dei som stupte her
tapte!
Men – same kor mykje
blod som har runne
har likevel ikkje U.S.A.
vunne!
(Månelandskap. Våpenkvile i Vietnam.)
Harald Sverdrup var ein poet med eiga krigserfaring. Også han kunne skrive korte og konsise dikt som alle forstår.
Krigsherjet landsby
Hundre skorsteinspiper
- uten hus omkring –
er sorte kors som ingen henger på,
er hårtust fra en kvinne
og en blodskvett fra et barn
er alt.
Når dikta får ein tydeleg bodskap, er faren der sjølvsagt for at ein skal hamna i eit for enkelt og slagordaktig språk. Men dei gode poetane finn fram til vinklingar som peiker på det menneskelege, på oss, korleis me taklar ei verd som kan romme så gode og så ufatteleg vonde erfaringar. Dikta hans kan av og til ha ei provoserande blanding av eit lett språk og eit tungt mørkt bakteppe, som denne leksjonen i det å halda avstand:
Sivilbefolkning
Omsider har vi lært å bombe byer døvstumme,
lært å blinde en butikkby og fabrikkby,
grønnsakby og fiskeby.
Lært å torturere boligstrøk med friske folk og syke, barn og oldinger,
folk i samleier og søvn.
Glem Munkeveien 3,
se ikke for deg dem som bodde her
i oppgang B,
da får du ikke sove.
Altstadt, Neustadt, bare fremmede navn,
heter ikke Gamlebyen, Nykøping.
(Bremen 1945)
Leksjonar finn me også i Krigens ABC av Bertolt Brecht. Ein poet som med vidtrekkande kraft såg krigens gru gjennom dei svakaste sine auge. Og som hadde ei eiga evne til å snu perspektivet vekk frå dei mektige til å sjå det heile frå den einskilde sårbare menneskelagnaden.
Når hæren skal ut og marsjere
er det mange som ikke vet
at fienden marsjerer i spissen.
Den stemmen som kommanderer
er fiendens stemme.
Den som taler om fienden
er selv fienden.
*
General, din tank er en sterk vogn.
Den bryter ned en skog og knuser hundre mennesker.
Men den har en feil:
Den trenger en sjåfør.
General, ditt bombefly er sterkt.
Det flyr fortere enn stormen og bærer mer enn elefanten.
Men det har en feil:
Det trenger en montør.
General, mennesket er meget nyttig.
Det kan flyve og det kan drepe.
Men det har en feil:
Det kan tenke
(gjendikta av Georg Johannesen)
Dei fleste poetane har skrive antikrigsdikt. Er ein oppteken av korleis andre har det og korleis menneska prøver å løysa konfliktar, er det ikkje til å koma utanom. Er ein oppteken av kven som tapar igjen og igjen, og ser at det bare er dei med makt og stor kapital som kjem sigrande ut av krigane, så vert krig eit av dei store tema for diktinga.
Sjølv har eg prøvd å fanga den endringa som går føre seg i mennesket når det tek i bruk slik primitive løysingsmetodar. For uansett kor avansert teknologi blir, så er og blir det slik, at krig er ei uhyggeleg primitiv handling som går ut på å slå i hel den du ikkje er einig med.
Reptilrefleks
Nå fekk eg kjappe tenner.
Nå glir mi tunge glatt.
Eg er reptil i huda.
Mitt auga øglar seg.
Mi kløyvde tunge
snakkar blankt og hardt.
Det blanke er løgna.
Det harde er død.
Nå fekk eg enkle tankar.
Eit pansar ned mot panna.
Ein eim av svidde nervar.
Eit pattedyr har tapt.
Den vietnamesiske poeten To Huu viser korleis det poetiske og menneskelege smeltar saman i lågmælt fortviling:
På avstand, langt borte høyrer me igjen bombeflya
men det er tomt i skulen. Det finst ingen barn der.
Ein høyrer ikkje trampinga av små sandalar
lyden av sorga sine fallande kronblad.
Og Tarjei Vesaas viser korleis han med få ord kan gå djupt inn i kjenslene til dei som vert ramma av det umenneskelege.
Som det ikkje var der –
Barnets andlet bortgøymt.
Mora ber det bortvendt,
bortvendt alt som møter.
Ikkje lenger andlet,
men er vendt til henne.
Einast vendt til henne.
I det mørke hus.
(Napalm)
I diktet Amerika av Hans Børli, kan me lesa følgjande avsnitt, som viser korleis visse ting ikkje har endra seg stort:
en forgiftning brenner i dine årer, Amerika.
Du har spist strange fruit
for lenge. Du har
satt en blankpusset dollar
til sol på vestens himmel
og pyntet dødens knokkelsmil
med skinnende gullplomber.
George Washington er død.
Abe Lincoln er død.
John F. Kennedy er død.
Martin Luther King er død.
Men Butch Cassidy og Sundance Kid lever
- de skyter fra hoften
midt i Det Hvite Hus.
Du har drept din framtid, Amerika.
Alt du har tilbake er
en flokk lusete hauker og
en værhane.
Leksjon Februar 2003
Forelsking, fredag og eit fjell
Et av problemene med dikt er at vi ofte beveger oss innenfor en subjektiv virkelighet. Hva er virkelig? Hva finnes, og hva kan vi skrive om? Les Helge Torvunds februarleksjon!
Av Helge Torvund
Fredag 24.01.2003, 11:14
oppdatert 12:56
På Diktkammeret har me innimellom gåande engasjerte diskusjonar, til dømes om kva dikt skal handla om og om korleis ein skal oppfatta eit bestemt dikt. I kjølvatnet av november-leksjonen kom det opp dikt og innlegg som sette i gang ein diskusjon om ord som «galskap» og kva som er «verkeleg». Kva finst og kan skrivast om?
fiskehegren finnes, med sin gråblå hvelvete
rygg finnes den, med sin fjærtopp svart
og halefjær lyse finnes den; i kolonier
finnes den; i den såkalte Gamle Verden;
finnes også fiskene; og havørna, fjellrypa
falken; fjellrappen og fargen på sauer;
fisjonsprodukter finnes og fikentreet finnes;
feilene finnes, de grove, de systematiske,
de tilfeldige; fjernstyringa finnes og fuglene;
og frukttrærne finnes og frukten i frukthagen der
aprikostrærne finnes, aprikostrærne finnes,
i land der varmen vil frambringe nettopp den
fargen på kjøttet som aprikostrærne har
(frå «Alfabet» av Inger Christensen, gjendikta av Liv Lundberg)
Når det gjeld den røynda me lever i er det lett å misforstå kvarandre fordi me ikkje er flinke til å presisera kva me talar om. Ein forenkla liten modell som har vore klargjerande for mange er følgjande inndeling i subjektiv røynd, sosialt konstruert røynd og materiell røynd.
Dersom me er forelska opplever me den personen som me er forelska i på ein heilt spesiell måte. Ingen andre oppfattar han eller ho på same måten som oss. Likevel er dette ikkje mindre verkeleg for oss. Snarare tvert i mot. Men den røyndommen som me lever i då, kan vera vanskeleg å forstå for andre. Derfor har me ordtak som at «Kjærleik gjer blind». Den som er forelska har derimot ei sterk kjensle av at augo har vorte opna for ei ny røynd.
Det fins
et hav
av ord
om forelskelse.
Jeg kan bare to:
forferdelig våken.
(Øyvind Brandt. Dikt i Dagbladet, 1996)
Denne røynda byggjer på korleis me opplever eit fenomen, og er det me kan kalla ei subjektiv røynd.
I tillegg til denne typen røyndom, finst det i ein kvar kultur ein del ting som vert oppfatta likt av alle dei som tilhøyrer kulturen. Som til dømes det at det er fredag. Denne røynda vert konstruert av dei sosiale normene i samfunnet me lever i, og er verkeleg nok, men altså mogleg å endra, ved at ein flyttar frå ein kultur til ein annan og tek opp andre normer for røyndom, eller at kulturen endrar seg over tid. Me kan kalla denne røynda for sosialt konstruert røynd. Dette er ei stor kraft i våre liv, og ei røynd som media kan vera med på å skapa.
Så har me den materielle røynda. Det at noko er der same kva me meiner eller ikkje meiner, same kva me opplever eller ikkje opplever. Som eit fjell til dømes.
I mange tilfelle er striden mellom menneske basert på at ein er ueinig om kva for ein av desse tre kategoriane eit fenomen høyrer til i. Er masseøydeleggingsvåpna til Saddam Hussein ein sosialt konstruert røyndom? Er det ein materiell røyndom at USA har masseøydeleggingsvåpen?
Når det gjeld diktkritikk er eit av problema at me så ofte må røra oss innanfor ein subjektiv røyndom. Den materielle røyndommen vil her omfatta visse tekniske og handverksmessige ting, og den sosialt konstruerte røyndommen dreier seg om kva som skal reknast som kvalitet og kva som kjenneteiknar dårleg poesi. Men desse normene kan vera vage og i alle fall ikkje lette å få tak i og vera einige om. I tillegg endrar dei seg. Slik vert ein ofte ståande att i ein posisjon der mykje er avhengig av lesaren si subjektive oppfatning.
Når ein med kritisk blik les sine eigne dikt, kan det også vera eit poeng å sjå om ein gjev lesaren eit så totalt bilete av røyndommen at ein har med alle tre kategoriane. I mange tilfelle er det eit pluss at ein engasjerer så stor del av lesaren som mogleg. Sansane gjennom glimt av ei materiell verd, tankane, refleksjonen og kjenslene gjennom glimt av den indre verda, det umedvitne gjennom metaforar og assosiasjonar som er lada av energi i det dei gjer sprang mellom medvitne og umedvitne område.
Sjølvsagt er noko av poenget ved å leva og å skriva at alt dette glir saman til ein eksistensiell heilskap, og difor er ei slik oppsplitting i tre ulike «røyndommar» diskutabel og problematisk, og må vera det. Eit fjell er ikkje bare eit fjell, ein gruveeigar vil sjå på det som råstoff medan nokre indianarar vil oppleva det som ein levande organisme og språket deira vil seia at det «fjellar». Fredag er ikkje bare ein dag. Det kan vera slutten på arbeidsveka og dansedag, eller det kan minna oss om den fantastiske opplevinga Robinson hadde når han oppdaga fotspor og forstod at det fanst ein annan her! Og den opplevinga kan me òg få når me les eit dikt nokon har skrive som gjenskapar ei oppleving me trudde me var åleine om! Einsemda er stor og stadene der me kan fortelja om våre opplevingar er ikkje alltid så mange her på vår øy i verdsrommet. Kva finst?
atombomben finnes
Hiroshima, Nagasaki
Hiroshima den 6.
august 1945
140. 000 døde og
sårede i Hiroshima
ca. 60 000 døde og
sårede i Nagasaki
tall som står stille
et sted i en fjern
alminnelig sommer
(frå «Alfabet» av Inger Christensen, gjendikta av Liv Lundberg)
Leksjon November 2002
La det skje med bryllaupsverktøy!
DIKTLÆRAREN FRÅ JÆREN: Det er Helge Torvund, det. No har han skrive ein ny leksjon på Diktkammeret.
Å dikta vil seia å gå inn i eit område med andre grenser enn elles. Det ville vera veldig dumt av oss om me ikkje utnyttar desse og gjev oss lov til å leva ut nokre galskapar her, som me ikkje elles så lett kan få uttrykt.
Av Helge Torvund
Onsdag 06.11.2002, 11:52
oppdatert 18:39
Det finst alltid eit alvorleg aspekt ved den leikande poeten; nemleg den at utan kontakten med det fantasifulle, sorgfulle og kjørleikstrengjande barnet i oss, vil pengane få all makt. eller for å seia det med Terje Johanssen: «Hvis hjertet kunne tenke, ville det straks slutte å slå.»
BRØDBAKST
Brødet i ovnen
bykser ut som
ti ville hester
peker på
meg og brøler: Arild,
vi tar den
engang til!
Skriver Arild Nyquist i eit typisk overskotsdikt! Av og til er det bare ei lita grammatisk forskyving til, så får me eit skeivt perspektiv på tinga, noko som gjer at me kan framstilla dei tunge og alvorlege tinga på ein måte som får andletet til å lysa opp i eit smil. Slik Einar Økland gjer her:
GAMMAL HUGSELAPP
vekk han
piss han
kle han
et han
gå han på jobb
jobb han
snakk han
gå han tilbake
kvil han
legg han
og sov han
og drøym han godt
Det er noko som skjer når språket opnar luker i oss inn til den låtten som gjev resonans i alvorlege rom. Når du merker at det skjer noko annleis i det du skriv ned, skal du ikkje stoppa det med kritisk medvit og analyse og seia «Nei! Nå vart det feil. Dette blir bare tull!» – du skal skrive ut og leggje bort og skrive noko anna, og sjå på det ei morgonstund når medvitet ditt er i ei levande forlenging av draumar og klårleik. «Pass på det vesle flakket, den vesle skuggen i medvitet, (når du skriv)- valet stend millom den og ein regel, det konvensjonelle.» skriv Olav H. Hauge (s. 689, band II, Dagbøkene.)
Nasen min er lang som ein kniv
og auga mine raude av latter
Om natta samlar eg opp mjølka og månen
og spring utan å snu meg
Viss trea er redde bak meg
gir eg faen
Så vakker likesæla er ved midnatt
heiter det i eit dikt av Phillipe Soupault gjendikta av Finn Øglænd og Rolf Enger. Det finst ei djup kjelde til språkleg glede og fornying der den kritiske fornufta sluttar, nasen vert lang som ein kniv og auga raude av lått. Det å våga å sleppa til dei spontane bileta som dukkar opp frå det umedvitne, sprø og groteske som dei kan vera, gjev oss også tilgang til ei kjelde av energi. Det rare og det vakre og det alvorlege i eit einaste bilete, som her hjå René Char:
Til slutt, om du forgår, la det skje med bryllaupsverktøy.
Ja, la det skje med bryllaupsverktøy. Lat oss sleppa til ord som verda ikkje har sett maken til før, og la oss verta skapnadar som ikkje liknar noko som har vist seg på jorda:
Eg har ete byen
Omringa av ei musikalsk stille
Eg har svelgd flokkar av duer
Gras gror på augneloka mine
Kroppen min er full av vindauge
(H.R. Hays)
Vicente Huidobro har skrive ein poetikk som eg vil minna om i dag:
Lat poesien vera som ein nøkkel
som opnar tusen dørar.
Eit lauv fell, noko flyg over;
skap så mykje som auga kan sjå,
og sjela til lyttaren vil skjelva.
Finn opp nye verder og gjev akt på orda dine; adjektivet, om det ikkje skapar liv, drep.
Me er i nervealderen.
Musklane henger
som minne i eit museum,
men me er ikkje veikare for det:
Sann livskraft
lever i hovudet.
Ikkje syng om rosa, poetar!
Få ho til å bløme i diktet.
For oss aleine
lever alle ting under sola.
Poeten er ein liten Gud.
Når me vender oss mot den kjelda av energiske bilete som strøymer opp frå det skapande møtet mellom heile vårt sinn og ei vakker og vanvittig verd, så veit me ikkje om det kjem ei Dødsfuge eller ei Dansevise ned på papiret. Det bør me ikkje bestemma på førehand heller. Å vita kva ein skal skriva, øydelegg heile poesiens eksistensgrunnlag. Kanskje dukkar det opp dei svartaste speglar som renn over av mørk mjølk. Slik er det å vera menneske i verda. Me tek inn i oss all faenskapen og me fyllest opp av det. Poesien kan likevel spegla det vanskelege med ein særeigen sprø energi, som gjev oss eit puff vidare. Kanskje til eit anna perspektiv, kanskje til ei mørk erkjenning, kanskje til ei glede midt i hausten:
Haustleg samba for folk som treng det
Himmelen kryp saman i ei mørk krå
lauv drys eitt og eitt frå blanke greiner
Menneska går under mørke paraplyar
Hausten taslar gjennom våre gater
Frå balkongen ein melankolsk samba
Kvelden regnar bort
Me går natta i møte med fuktige lunger
Når eg møter deg har eg glede i hårrøtene
Me treng ikkje ord Me treng nærleik
Og me ser at me ser og veit at me veit
Ein stad inne i oss tek noko til å dansa
Gje meg den smilande vinen
Gje meg samba samba samba om hausten
(Frå «Taxameter og puls», 1979)
Leksjon Sptember 2002
Merke etter liv
DIKTER OM LIV: Marie Takvam nyttar ofte ein metode der ho smeltar saman subjektet som lever, ser og skriv med det ho skriv om, som i «Aldrande drabantby» der ho skriv om å vera gamal.
Marie Takvam er ein poet som gjennom mykje av det ho skriv skildrar samanhengen mellom menneske og naturen, mellom dikt-eget og det som ho har rundt seg. Ofte glir dei over i kvar andre, andre gonger er merksemda retta mot skilja, men alltid er ho oppteken av å observera, reflektera, sansa og sjå merke etter liv.
Det finst noko klart og direkte i titlane til Marie Takvam sine diktsamlingar frå sekstitalet og utover. Dei fortel om det å forhalda seg til røynda, og prøva å finna samanhengar til dømes i Mosaikk og lys (1965), Falle og reise seg att (1980) og Rognebær (1990). Den siste med sine assosiasjonar til både det å verta mogen, og det sure.
Men me skal i denne leksjonen særleg gå inn på ein metode som Takvam nyttar svært mykje, og som slår ein alt i tittelen på den diktsamlinga som kom i 1987, nemleg Aldrande drabantby. Her smeltar ho saman subjektet som lever, ser og skriv i drabantbyen, og drabantbyen sjølv. Dette er mykje nytta av mange poetar, og det er ikkje alltid at det fungerer. Noko av skilnaden på det som fungerer og det som ikkje fungerer, trur eg har å gjera med følgjande:
Marie Takvam opplever på kroppen korleis det er å vera eit aldrande menneske då ho skriv dette, og så ser ho at drabantbyen ho går omkring også heilt faktisk er i ferd med eldast, å få tydelege merke etter levd liv. Og det er denne observerte likskapen som nedfeller seg i dikta hennar. Det er ikkje bare ein god idé ho får, eit påfunn ho set ned på papiret. Nei, orda hennar spring ut frå observasjon og erfaring.
Då er utgangspunktet for at det skal fungera bra. Så må det sjølvsagt få ei spenstig litterær form, og helst ha eit avslørande blikk for ting som andre kan ha observert i forbifarten, og dermed vil kjenna igjen, men ikkje har reflektert over eller uttrykt slik som ho gjer det.
Eg høyrde nokon som sa:
Mennesket rører seg i ein mørk ballett.
Men eg spør:
Kvar er musikken?
Eg har studert mine morgonrørsler.
Stavrar meg halvt i svevne
ut av ei einsam natt.
Sit ved eit bord.
Små steg ut i verda.
Då kjem ho att denne røysta:
Kvar er musikken
som eingong drog meg
i sine ustyrlege rytmer?
Marie Takvam har gitt dikta sine mykje livskraft og frå mange av dei strålar denne. Men ho har vore nådelaust ærleg og lite redd for også å skildra det vonde og problematiske. Og då kan til og med utsikten verta kvelande:
Horisonten strammer seg rundt meg
som ei strypelykkje.
Ho held opne kanalar gjennom sansane og til erkjenninga, sjølv om ho veit at det er «Meir praktisk å vere sløv./Meir praktisk å kunne smile/prelle ord av regnkåpene». Det å vera open på denne måten, er å både oppleve skilje og samanheng.
«I dag har eg vakna med sol i blodet.
Eg steller meg ved sida av bjørka,
ventar å få lauv saman med henne.»
I slike linjer opplever me korleis mennesket kan kjenna seg lik naturen, men Takvam er ofte dobbel i slike skildringar, ho både er og ikkje er som ei tre. Ho «steller seg ved sida av» og demonstrerer slik både ein form for likeverd, ja, kanskje solidaritet, men også det å vera ein annan.
I eit dikt om det å reflektera over endringa frå ung til gammal kvinne, går ho langs ei strand og ser på «dette djup som eingong spegla kvite, runde bryst/og raude lepper fylt av latter imot horisontar. Fortel meg sanninga så nådelaust/om desse slaskefillene hengjande ifrå mi bringe/ og skrukkemunnen som så snart skal tagne.» Slik speglar natur og menneske ofte kvarandre, utan at det er tale om full personifisering eller besjeling av naturen. På slutten av diktet kjem det fram at ho kan dra bort, medan stranda vil bli att:
Eg går her sakte langs med stranda di
og ser ein båt som nærmar seg mi bryggje.
Det er tida og det å vera til stades medan tida går, det å godta forvandlingane, som er Takvam sitt tema. Og ho har eit mangfald av måtar å skildra dette. Ho er ofte inderleg og full av kjærleikslengt og trong til nærleik, men kan også vera ganske sarkastisk og kvass.
Din impotens – din dødsangst –
dine hotell fulle av kjøp og salg, knirkande senger.
Dine drabantbyar og ekteskap haldne saman med betong.
Gud hjelpe Skandinavia!
Og ut frå sin eigen kropp trekkjer ho linjene både bakover i tid, der ein kan møte Europa som ei gammal hore, og sjølvsagt hennar eigen barndom; «Eg vassar i kløver og timotei/så snart hovudet dett att på puta», og utover i geografien, som i «Mardraumsnatt»:
Panservogner frå Iran og Irak
med kanonar frå Sverige
og elektriske smådelar frå Norge
rulla i magen min.
Og sjølv om ho også i sine siste diktsamlingar har dikt som er fulle av livskraft og «vårgjenters rappe føter i paradis» så har livslang erfaring fått ho til å tvila også på vårgleda:
«Er det ein vår skapt av vitamintablettar
som rusar i årane mine»
Og dette er noko av dette som får Marie Takvam sine dikt til å halda fram med å leva og ta tak i lesaren; ho følgjer tida og historia sine rørsle med uro, med gjenkjennelege kvardagshaldningar som er fulle av smerte og av ordet «NEI!». Ja, ho ser og godtek på eit vis, me ho slepp også til livslengten og ropet etter meir; meir liv, meir hud, meir oppleving. Dette som gjev våre liv dødens djupe og bitre smak.
Nokon ropa at eg ikkje må le høgt
eg som er gammal nok til å vite
at gleda ikkje finst!
Leksjon Juni 2002
Å forma eit dikt
Mange som prøver å skriva dikt er svært fokuserte på meiningsinnhaldet. I denne leksjonen skal eg så vidt byrja å sirkla inn kva poetar kan gjera når dei formar eit dikt.
Mandag 03.06.2002, 11:21
oppdatert 10:40
Når me, i staden for å ta ein telefon, skriva eit brev, eller kviskra for oss sjølv mot vindaugsruta ei natt, formar eit dikt, då lagar me ikkje bare setningar av orda for å få fram ei meining. Me skapar ei form, eit objekt, slik andre lagar eit bilete eller eit musikkstykke. Ja faktisk er jo eit dikt eit stykke grafikk og eit stykke musikk i tillegg til det meiningsberande eller semantiske innhaldet til orda.
Dette er det sjølvsagt viktig å vera klar over, og utnytta. Men mange som prøver å skriva dikt er svært fokuserte på meiningsinnhaldet. I denne leksjonen skal eg så vidt byrja å sirkla inn kva poetar kan gjera når dei formar eit dikt.
Først og fremst finst det to grunnleggjande syn på korleis dikta vert til. Nokre vil seia at diktet vert til når det vert skrive. At skapinga startar når den første bokstaven vert sett på papiret. Då tenkjer ein seg lett at orda som kjem etterpå på ein måte er styrt av orda som kom først. Andre meiner at det først kjem ei erfaring, ei oppleving, ein emosjon eller ein tanke. Som vanleg når det finst to motsette meiningar, så er det nok slik at begge delar er rett.
Dersom me tenkjer oss at det finst noko før diktet, som diktet vil fanga, kan me tenkja oss at det er veldig flyktig, og kvifor ikkje kalla det for Helena:
Kvar gong eit dikt,
ein statue, eit måla bilete
søker seg form, riv seg laus
frå den lynande stormskya,
løyser Helena seg opp, ho som berre var
aninga som fekk Homer til å bøya seg
over tonar djupare enn klangen i
den klossete lyren til dei jordiske orda.
(Yves Bonnefoy: i Ein eld går føre oss. Til norsk ved Geir Pollen)
Medan ein annan poet kan stille opp det som skal fangast som om det var noko svært konkret:
Der er nokon som er nøydd til
å omfamna denne muren, sjølve muren,
og prøva å få opna den
med ord, med namn som ein må finna
for alt det som verken har form eller namn.
(Guillevic)
Når poeten skal forma sitt verk av språket, så nyttar han ikkje orda bare som omgrep (begrep), altså noko som liksom grip om den leksikalske tydinga av ordet, men som byggjesteinar til ein struktur. Han gjer eit arbeid som får språket til å framstå meir konkret, slik at diktet står fram som form og klang i tillegg til meiningsinnhaldet. På den måten er det at diktet skil seg ut som ein estetisk heilskap. Språket vert stoffleg. For å demonstrera kor viktig dette var, kunne ein poet i 1924 uttrykkja det slik:
A poem should not mean
But be.
(MacLeish)
Diktet kan vera alt det som har vorte sagt om det. Og det er ikkje lite. Det finst eit veldig potensial i eit poetisk verk. Når me les eit ord kan det setja i gang fleire dominoliknande rørsler samstundes. Poeten slenger nokre linjer mot oss, og me er fanga:
Graavejr i København!
Gigt og ondartet Stemning i al Evighed!
Dog i Dag er mit Hjærte stille.
Slik starta den store danske poeten Johannes V. Jensen opp diktet «Afsked». Og her er det slik at ein mest får nye assosiasjonar eller reaksjonar for kvart ord. Gråvêr. København. Vondarta stemning. Æva. Og så kjem desse hjarteslaga av nokre ord: Dog i Dag. Og så: Stille. Her er kontrastar; det vonde regnet i all æva og det stille hjarta i dag. Her er klang og sjukdom og geografi. Han utnyttar språket sine mangfaldige plan og skapar noko som kjem mot oss som ein slags språkleg blekksprut med så mange armar at ein av dei nærast er nøydd til å gripa også deg.
Men så kan all denne poesien som serverer seg sjølv som Poesi verta for mykje for oss. Me kjenner at me vil ikkje bakover i tida, til noko som alt er definert. Me vil ikkje verta fanga av ferdige former, me vil fanga noko som nett er i ferd med å verta, me vil kanskje stoppa opp: Poesi er «noe som språklig «stopper» deg opp og tenker deg om», har Erling Kittelsen sagt. Kanskje er det ikkje viktigast alltid å fanga eller gripa om noko, kanskje er det nett kjensla av å gje slepp, å la ting skje, slik Lars Norén skreiv:
Jag blir alltmer osäker.
Kanske skall jag stå stilla,
Låta det komma till mig.
Mange poetar som er nyskapande byrjar å sjå etter poesien andre stadar enn i dikta. Er ikkje kvart menneske poet og tenkjer, heile tida? spurte Novalis. «Midt i ordet «poesi» klør ein mann seg og murrar.» skreiv Paul Eluard.
På den eine sida kan me ta lærdom og få inspirasjon av dei vakraste formfullendte dikta, og på den andre sida kjenner dei nyskapande poetane seg dregne mot å inkludera heilt andre deler av verda i diktuniverset: «Eg likte idiotiske maleri, dørlister, dekorasjonar, linedansarnett, skilt, folkeleg fargelegging; umoderne litteratur, kyrkjelatin, erotiske bøker utan ortografi, romanane til bestemødrene våre, eventyr, små bøker frå barndommen, gammal opera, tåpelege refreng, naive rytmar.»
Dette seier Arthur Rimbaud. (frå ein artikkel av Paul Eluard: Poesiens fysikk. Til norsk ved Jan Olav Gatland. Poesi 2. 1984)
Og herifrå er vegen kort til antipoesi. «Dadaismen –idiotismekunsten, anarkismekusnten, tåpekunsten; ingenkunsten, allkunst. Tilfellekunsten, nårsomhelstkunst. Og særleg kvensomhelst.» som Elmer Diktonius uttrykte det i Finsk Tidsskrift i 1925.
Poesien er mangfaldig, og den vakne lesar kan gle seg over råstoffet i ein overhøyrt replikk på bussen, men også over dei fine dikta der klang og innhald går saman til vakre og meiningsfylte einskapar, som dette av Quasimado:
Kvar ein står aleine på jordas hjarta
gjennombora av ei solstråle:
og plutseleg er det kveld.
Leksjon Mai 2002
Det blir aldri lett
Poesi og politikk er to delar av røynda som kan oppfattast som motpolar, men som også påverkar kvarandre i eit dynamisk område der me finn den politiske diktinga og den poetiske politikken.
Tirsdag 14.05.2002, 16:15
oppdatert 13:21
«De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
la våre hjerter hamre
det om og om igjen.»
Inger Hagerup skreiv politisk poesi som mange nordmenn lærte seg. Og om det ikkje var noko høgdepunkt i hennar dikting, så viser det korleis slik dikting i tronge tider kan vere med å styrkja fellesskapet og gje emosjonane retning. Når store folkemengder er einige eller har uklåre, felles kjensler, kan poetar setja ord på opplevingane deira og verta svært populære. Det er ikkje like lett å bli populær om ein kritiserer sitt eige land si bruk av krigsmakt mot andre, slik fleire poetar gjorde når norske pengar og militær stod bak bombinga som førte til drap av sivile i Jugoslavia. Tor Obrestad skreiv:
«Me er ein nasjon i krig. Og meir: Me er ein nasjon
som har gått til krig. Me er med på å bomba folket
i eit fattig land våren 1999»
og Jo Eggen skreiv:
«Jeg forbanner deg likevel, Hiroshimamuntre
haikjeft som kaller deg utenriksminister
dioksindropspose som kaller deg Storting
urandiaré som kallar deg journalist
møkkete tennisball som kaller deg statsminister
flybensinslange som kaller deg regjering»
Og kven i all verda hadde trudd at denne bombinga vår skulle innleia ein så tydeleg trend for Noreg, at etter at Bondevik igjen kom til makta, så kan me nå i 2002 skriva det same; norske fly er aktive i bombinga av folk i eit anna fattigt land, Afghanistan. Og det er bare så vidt me veit om det. Det er slik eg skreiv i Kitty K.:
«overgangen frå å vera
eit fredeleg land
til eit land som
startar ein krig
er mest umerkeleg
som ein fartsdump»
Politikk og poesi kjem opp som eit tema med visse mellomrom på Diktkammeret, og bra er det. Men det er vanskeleg å seia noko eintydig om korleis ein skal forhalda seg til dette. Det er alltid så mykje lettare å sjå på det som alt er skrive. På Diktkammeret kjem dei aktuelle hendingane i verda inn i tekstane rett som det er. Og det ville vore merkeleg om dei ikkje gjorde det, og det ville vore idiotisk om ein sa at dei ikkje burde gjera det. Men det vert ikkje betre dikt av å nemna viktige hendingar, eller å ta stilling til den eine eller andre parten i ein konflikt.
Politisk dikting kan ein vera sikker på å sirkla inn om ein ser i dikta til Mao Tsetung eller Ho Chi Minh, hjå Bertolt Brecht eller Vladimir Majakovskij, som skreiv:
«Mine dikt skal være nyttige,
ikke til pynt.
Dikt skal være våpen,
ikke en Amors pil som gir et ørlite gys.»
Men dette er ikkje folk som skriv dikt bare fordi dei er opptekne av politikk. Det er folk som uttrykkjer seg i diktform fordi dei har forhold til ein poetisk tradisjon og kan nytta dei poetiske verkemiddel som skapar dikt av røynda.
Er det då mogleg å skriva ei form for eintydig poesi, der kvart ord er retta mot det å påverka lesaren sine meiningar i ei bestemt retning? Mitt svar vil her vera Nei!. For meg ligg det poetiske i språket mellom anna i det at det opnar for lesaren si subjektive innlesing av eigne erfaringar og tolkingar i teksten. Det poetiske språket er slik sett mangetydig og kan ikkje gå i eit klart definert ærend -i eit anna ærend enn det å vera poesi - og likevel halda fram med å vera god poesi. Men når ein poet er oppteken av det levande, det som utviklar og endrar seg, og samstundes er levande oppteken av ei politisk røynd, så vil denne personen kunna skapa god poesi av alt, fordi det levande ikkje lar seg tvinga inn i noko system, og fordi det levande og sansande sinnet skapar eit poetisk trøkk i teksten som rører ved lesaren på mange plan. Mansur Rajih frå Jemen skreiv i fengselet:
«Du som skal myrda meg, vent
Sjå augo mine
før du begynner - eller sluttar -
det er det same for meg
Kan henda kan du tenka deg om
og vekka det i deg som er skapt for anger
Det avskyelege i deg, det som terroren skapar
det avskyelege ideg syg til seg alt
det avskylege i heile verda
Vent litt! Nå er det nok!
Sjå det mjuke i denne lekamen»
(gjendikta av Tor Obrestad)
Det vil aldri bli lett å verta einige om kva som er god politisk dikting, like lite som me vert einige om kva som er god politikk. Men sidan det nå er eg som har ordet, kan eg i slå fast at dei forenklande frasar og klisjear som pregar mykje partipolitisk skriving, og som er suggererande forsøk på å tåkeleggja røyndommen, aldri kjem i nærleiken av å vera god poesi. Medan dei uventa bileta som strøymar ut i diktinga med stor kraft, fordi dei er sette i gang av hendingar i politikken, ofte kan verta sterk poesi. Dei er eit uforutseieleg møte mellom ei ytre ver i endring seg og eit skapande sinn. Som her i diktet - Eg høyrer president Kennedy lyge om invasjonen på Cuba - av Robert Bly:
«Det finst eit anna mørker,
eit mørker i kroppens utpostar,
i moldvarpar på flukt, og telefontrådar,
og hestens spinkle ankel.
Mørkret i døyande gras og gule pileblad,
det finst ein død av sundslitne knapphol,
av brutaliteten i høgare regionar,
av lygande journalistar,
det finst ein bitter trøyttleik, vaksen
og sorgfull.»
(Gjendikta av Paal-Helge Haugen).
Med dette utgangspunktet kan den politiske poesien koma mot oss overalt, og den poesien som bles liv i glørne på ein idyll og prøver å koma lengst mogleg vekk frå all fæl politikk, vil kasta lange politiske skyggar frå dei som sit rundt dét bålet.
Leksjon April 2002
Syngjande og suggererande
Den danske poeten Henrik Nordbrandt får orda til å utøve magi, skriver Helge Torvund i aprilleksjonen. Lær mer om å skrive dikt!
Den danske poeten Henrik Nordbrandt har i bøker med fascinerande titlar som «Spøgelseslege» og «Håndens skælven i november», vist ei eiga evne til å får orda til å utøve magi. På ein syngjande og suggerande måte kan han få ord til å få ei større meining enn dei hadde då diktet byrja:
Det regner.
Og fordi det regner
har det aldrig gjort andet end at regne.
Der er i virkeligheden
indet andet end regn
og alle drømme
handler om, at det regner.
Når eg skriv desse orda på tastaturet, kan eg høyre at lyden av fingrane mine mot tastane minner om regn. Slik verkar mange av dikta hans på meg. Dei har ein så overtydande tone og så bydande klang, at verda vert slik Henrik Nordbrandt skriv om ho. Han nyttar openbart gjentaking som poetisk verktøy, men har også eit anna grep. Han skapar tilsynelatande «logiske» samanhengar ved bruken av ord som «fordi» og «i virkeligheden» eller bare ved å sette fram tydlege og presise påstandar med ein poetisk autoritet, som gjer at me godtek dei som korrekte innanfor det språklege univers han skapar.
Når jeg på en rejse
tænker på at rejse, rejser
rejsen ved min side
så at jeg ingen steder kommer.
Nordbrandt reiste frå Danmark i ung alder og har i alle år budd og farta rundt i landa kring middelhavet. Han er altså ein poet som ikkje utan grunn krinsar kring «opbrud og ankomster» og skriv om lengting og det å gripe augneblenken med språket. Eller om saknet av det som alt er over. Kanskje har det at han arbeider med eit anna språk enn det som vert snakka kring han, gjort han ekstra oppteken av kva språk er for noko? Dette er i alle fall eit tema som stadig dukkar opp i dikta hans.
Allerede i ordets første bogstav
findes ordet allerede
og i ordet allerede, hele særningen.
I sætningen findes de sætninger, som følger
som mandeltræet findes i hver mandel og hele mandellunden i træet
de salte kys, kobber og rosenolie
og årene i solen…
Allerede har alting altid været forbi.
…
Min aske står hos pantelåneren
som sikkerhed for mit hovud.
Allerede er allerede et glemt ord
og allerede i ordets første bogstav
står mandeltræerne i blomst
så jorden tidleigt i februar
kan få den violette farve, den fortjener.
Igjen ser me korleis han knyter ulike plan av røynda - språk og konkrete tre, pantelåneren og døden - saman, og får det til å høyrast ut som det finst ein skjult samanheng, som alltid har vore der, men som me ikkje har sett før han peiker på den med sitt dikt.
Det er også eit kjennemerke som me kan læra mykje av, at han bind saman svært konkrete sanseobjekt, med meir flyktige kjensler som smerte, lengtinga, noko som ikkje er der:
Du strøg en tændstik, og dens flamme blændede dig
så du ikkje kunne finde, hvad du søgte i mørket
før den brændte ud mellem fingene på dig
og smerten fik dig til at glemme, hva det var.
Ofte klarar han å få fram objekt som inneheld ein bodskap om lengt og avstand med ein så gjennomført sans for det vakre, at me skjøner at her også er kjærleik med i biletet. Han kan skrive lange dikt, med lange linjer, men han er også flink til å ikkje seia for mykje, når eit bilete skal bli verande i lesaren:
Da jeg så op, var regnet standset.
Solen ramte en gren med hvide mandelblomster
så jeg blev blændet
og hældte kaffen ud over de ubesvarede breve.
I ein kort leksjon er det ikkje plass til å ta med dei lange og karakteristiske dikta der songaren verkeleg kjem til sin rett, men gå gjerne laus på bøkene hans og opplev
Vinen, som modnedes op ad bjærgskråningerne
sent den sommer, hvor vi mødte hinanden
er allerede gylden og fuld af eftersmagen
af en fylde, dampet bort som år i solen
og nattebrisen ser ind i mig med sit poppelløv:
Jeg er træt
som om mit hjere var en brændende flagermuslygte
væltet i en fremmed have
Og medan du les, kan du studere denne poetens evne til å utvida dei enkla orda si meining. Prøv å få tak i korleis han tek ein enkel situasjon, eit mandeltre, ein mur, eit konkret landskap, og løfter dette opp til eit plan der det vert fylt av dei store spørsmåla.
På alle mure faldt aftensolen
På en eneste hvid mur.
På tunge, rustne hængsler
der engang havde været grønne
stod døren åben
ind til mørkret.
«Hej» råbte jeg, så det genlød
i hele dalen
og en krage fløj skrigende op.
Det var ingen andre en dig
der ikke svarede
i hele verden.
Leksjon Mars 2002
Poesien for dei små ting
Stor poesi handlar ofte om små ting. Ved å retta merksemda mot dei små byggjesteinane i livet, kan diktinga få lesaren til å koma inn i eit nærare forhold til sin eigen kvardag.
Ein meister i å rette merksemda mot slikt hadde me i Rolf Jacobsen. Det han gjorde var å vise den klare samanhengen mellom dei ørsmå tinga og dei heilt store. I det følgjande er verktøyet «gjentaking», som eg skreiv om i den aller første leksjonen, nytta på ulike måtar for å understreka det diktaren vil få fram. I det første diktet viser han korleis ein ved å gjenta eit ord etter at mykje anna er innført i diktet, kan gje ordet ein annan dimensjon.
SNUTEBILLER, STANKELBEIN
Mye rart under stenene.
Dyr som minner om papirklipp,
strikkede strømper, stumper
av ståltråd eller av garn.
Som Gud satt og gjorde i ventetiden her,
for å få århundrene til å gå
-bukseknapper, hyssing og
smuler av gammelt brød.
Men fuglene fikk han til. Sangen.
Vingeslagene
som fikk hjertene til å slå.
Nå sitter han og vikler stjernetåker.
Som ligner mye på sneglehus,
brennmaneter og rester av gammelt garn.
Rolf Jacobsen hadde eit skarpt blikk for desse små tinga, og det er noko av dette som gjer at dikta hans fester seg så lett hjå oss. Dei er fulle av bitte små knaggar som sansane våre hektar seg fast i. Som avismann var også Jacobsen passe metta og kritisk når det gjaldt dei store orda, dei sensasjonelle utropa og påstandane. I heile hans produksjon er det lagt ut små dikt om små ting, om det som er under, på baksida, imellom og nesten ikkje. Byrjinga på det følgjande diktet får det til å høyrast ut som om han er i ferd med å laga eit veldig kartotek over dei små tinga:
De små berøringar må med.
Humlen som setter seg fast i håret ditt.
Snefnugget ytterst på nesen
og tusenbenet som vil opp på hånden,
forsiktig
som kjærtegnet til en sky pike.
Rolf Jacobsen gjekk langt inn og langt ut. Han opplevde at ved å gå til dei små tinga, vart perspektivet større, og han erfarte at han kunne nærme seg noko som var bakom det konkrete:
Lydløsheten i alt som hender.
Det stummes tyngde. Lyset
som faller på et ansikt
som forandringar, ikke som fred.
Noen står der og vet ikke at de er til.
Slik skriv han i eit avsnitt av diktet «Uten en lyd», og her ser me kor viktig det konkrete, sanselege likevel er, når ein skal nærme seg ord om innsikt og oppleving. Utan «lyset som faller på et ansikt», og «noen (som) står der» ville dette blitt altfor abstrakt og utydeleg.
Eit viktig og gjennomgåande trekk ved desse dikta, er den sterke formidlinga av samanheng mellom alle ting som Jacobsen frå fram. Stikk i strid med den aksepterte påstanden om at modernismen skal vera prega av splitting og framandkjensle, har denne poeten strødd ut nokre småsteinar av dikt som fortel oss at mennesket står i ein stor samanheng, og at det kanskje er gjennom dei bitte små tinga me lettast kan forstå kva som er heilagt. At det er dette som kan løfta oss ut og inn i kvardagens mysterium.
Fra spurv og kråke er vi kommet, fra regn og vær, myr og skogkant, armodslige plasser, svarte hus, fra halm og høystrå er vi kommet, fra fiskeslo og havbrak, fjøs og stalltrev, tordensomre, sne i skogen er vi kommet…..
Også her ser me korleis han utnytter dette med gjentaking, og korleis han oppnår ein suggererande rytme som maner fram bilete etter bilete som byggjer opp menneska si soge. Ved å trekkja fram dei heilt små tinga, får Jacobsen fram «stillheten etterpå» og fortel oss om ei veldig ro og ei annleis rørsle som finst i det rommet me er omgitt av. Om sneglen heiter det til dømes:
Hjemløs, tidløs,
liten venn i gresset, han som vandrer
på et kyss.
Igjen og igjen viser poeten at han kan gå ut av den stressa avismannens verden og oppdage desse stille rørslene som få merker, og ingen høyrer, men som pågår.
Mosen kommer ut av jorden.
Lydløst som nattens flaggermus
Setter den sig på stenene og venter,
Eller nede i gresset
Med sine askegrå vingar.
Rusten går fra nagle til nagle
Og fra jernplate til jernplate i mørket
Og undersøker nøiaktig
Om tiden er inne.
Typisk er det at dette diktet sluttar med å samanfatte eit slikt lite bilete av møll, med det store perspektivet, og med den kjensla av at ting henger saman, men at mange menneske lever sine liv utan å leggja merke til dette:
Stjernenes hvite møll
sitter i klaser på himmelens mørke glassruter
og stirrer
og stirrer på byens lys.
Rolf Jacobsen har på denne måten skrive nokre sterke økologiske dikt, som på sitt svært stillferdige vis retter ein åtvarande finger mot hovmodet til menneska som trur dei kan isolera seg og kontrollera verda ved samstundes å stilla seg utanfor samanhengane. Døme på dette er dikt som «Landskap med gravemaskiner», «Myrstrå vipper» og «Tømmer». Men aller vakrast er det kanskje gjort i eit av dei mest stillferdige dikta han skreiv, der han igjen demonstrerer kor effektiv gjentaking er:
Hyss sier havet.
Hyss sier den lille bølgen ved stranden - hyss
ikke så voldsomme, ikke så
så stolte ikke
så bemerkelsesverdige.
Hyss
sier bølgekammene som
flokker seg om forbergene
strandbrenningene. Hyss
sier de til menneskene
det er vår jord
vår evighet.
Leksjon Februar 2002
Å lesa Göran Sonnevi
Å skriva dikt er eit vågespel. Dikt kan skrivast på mange måtar. Og på mange andre måtar enn den Göran Sonnevi har kome fram til. Hans måte er likevel noko som gjer meg godt, skriv Helge Torvund i februar 2002-leksjonen.
Av Helge Torvund
Mandag 04.02.2002, 13:54
oppdatert 13:44
Eg hugsar godt ein av Bokdagane i Nasjonalteateret for ein del år tilbake. Det var maratonopplesing av norske forfattarar, utdrag frå romanar og noveller og dikt. Du maktar ikkje halda på konsentrasjonen heile tida, men sit ei stund, går ut og tek deg ein – ein halvliters pause. Går inn att, og eg var på veg ut, då eg sånn halvt om halvt høyrde at ein svensk poet vart annonsert, og så slo brått røysta til Göran Sonnevi gjennom. Det var ein intensitet kopla til ei inderleg ro i opplesinga som slo meg heilt ut. Eg stod urørleg frå han byrja lesa til han var ferdig, og lytta med heile meg.
När jag kan älska
står tingen vänliga omkring mig.
Oförmedlade
tränger de in i min kropps sinnen
som de är, i sin finhet,
bortanför varje innebörd,
slungar mig i ett rus av nykterhet –
(Outfört).
Dette var ein poet som trengde gjennom alt surr og småstøy og køyrde dikta sine inn i sinnet mitt med stor kraft. Det vart ikkje mindre sterkt då eg seinare på dagen var i bustaden min saman med nokre vennar og Göran Sonnevi vart intervjua på radioen. Han stamma sterkt når han snakka. «jag, den sönderhackade talar Talar också sönderhackat så att du bara delvis ska förstå mig». Men når han las dikta sine las han roleg og flytande! Også når han snakka var det ein stor intensitet og eit alvor i det han sa, som fekk meg til å kjenna at eg måte vera aleine med det. Så eg lurte meg ut på gangen, og stod og lytta bak mi eiga stovedør med gåsehud. Han er ein poet som kan seia ting så direkte, og så kortfatta og samanfattande, at eg bare gjev meg over:
I varje bit bröd
jag tar i munnen, finns
alla människor
hela jorden, hela himlen
och alla stjärnorna
Sonnevi finst også i eit breitt utval på norsk, «Et ansikt» gjendikta av Geir Gulliksen. Det er med Sonnevi som det er med det meste, du må lesa og leita og gå etter det som du sjølv får noko utav. Han har skrive mykje, og ikkje alt løfter seg opp frå papiret. Noko vert litt flate, dagboksaktige ting om kva han syslar med, noko vert kanskje litt teoretisk eller utanrikspolitisk tidsprega. Men, gong på gong, og på heilt uventa plassar, skjer det noko i dikta hans, det komplekse samlar seg til enkel innsikt, og han får dikta til å peika på noko du veit er vesentleg.
De levandes språk
har ingen gräns
De söker tillståndet
mellan varandre, där
alt är kärlek
Skuggen av
detta ljus
kommer också, men är
då bländljus
i ljuset
Kärnan av ömhet
öppnar sig ibland
helt utan förbehåll
Sonnevi skriv og veldig intime kjærleiksdikt. Lysande og med uventa opningar mot døden og vilkåra me lever under. Ein sterk diktar som vågar mykje. Slik byrjar eit av hans dikt:
Drömde om dig i natt
Drömde att jag
sprutade min ljusa säd rakt in
i din kropps mörker
Jag gick in
i din oändliga kropp
Ock du gick med mig, og bar mig
Det alvoret som Sonnevi presenterer sitt liv med, gjer at han reiser mennesket opp i ei ofte nedverdigande omverd, og kan tala om det som finst, både om det destruktive, om veikskapen og den konstruktive styrken. Han løfter dei kvardagslege hendingane opp på eit plan der me får ei kjensle av at livet me lever inneheld store og sterke ting kvar einaste dag. «Jag kan knappt/ tala, måste/ göra det/ibland/Inför vissa människor/har jag bara/tystnad» skriv han ein stad. Men han har også skrive om smilet som «får hela världen at skaka»! Av Sonnevi kan me læra at alt mogleg kan verta poesi, at ein kan seia ting på ein veldig enkel måte, og få fram tyding som er viktig, dersom desse tinga verkeleg er alvorlege for oss. Og me kan læra at det ikkje alltid lykkast sjølv for dyktige poetar. Å skriva dikt er eit vågespel. Men eg er ikkje så lei meg for dei tinga han har skrive som ikkje gjer inntrykk, som eg er glad for alt det som har betydd noko for meg. Og det er vel ein lærdom som er grei å ta med seg inn på Diktkammeret. Dikt kan skrivast på mange måtar. Og på mange andre måtar enn den Sonnevi har kome fram til. Hans måte er likevel noko som gjer meg godt. Å lesa hans dikt er som å sitja saman med eit menneske og oppleva verda.
när jag sitter tilsammans med dig
i ett rum
får jag ofte impulsen
att gråta
Att jag känner
vågor av
värme, och en
sådan
närvaro, att gråten
blir oundviklig
Leksjon Januar 2001
Å skriva seg inn i ei stor rørsle
Å dikta er ei dør ut til dei store rørsler. Det er bare å opne døra å gå ut i det store språklege rommet.
Å dikta er ei dør ut til ein veg der ein kan ta del i store rørsler. Eg har skrive om verktøya me bruker og om kor viktig det er å vera presise og ikkje seia meir enn me kan stå inne for. Men til sjuande og sist er likevel noko av det som er mest fascinerande med diktinga, at me kan setja i gang nokre rørsler som er annleis enn dei me gjer elles i kvardagen og i vårt daglege snakkespråk.
Rilke skriv i eit dikt at me kan bare ta eit steg ut av huset vårt, det me kjenner så godt, og der finst brått eit enormt rom! Så opplagt og sant dette er, og likevel så nytt og merkeleg inntrykk det gjer når det vert sagt på denne måten. Like utanfor våre kjente rom, ligg naturen eller verdsrommet om du vil. Og like ved vårt vanlege snakkespråk, ligg dei fantastiske språklege uttrykka som opnar opp andre rom. Både innanfor og utanfor pupillane.
Mykje dikting har på denne måten et element av leik, av noko sprettent, ustyrleg, noko som bryt med kvardagslogikken. Men den beste diktinga nyttar nettopp denne leiken, denne overdrivinga eller omkastinga av storleikar og element, til å få fram eit veldig alvor som finst nettopp i den kvardagen som har vore så baktalt.
Kva er det som får oss til å bruke time etter time på å formulere diktlinjer med bokstavar og ord? Sikkert mange ulike ting, men noko av det er vel dette eventyret av å kunna utføra tryllekunstar og språklege saltomortalar som gjev ein kitling i magen. Det kan gje arbeidsmessig tilfredsstilling å skriva sakprosa også, men når ein får til ei diktlinje eller to som får noko til opna seg, kanskje ved å visa eit mørkt gap under, eller ein fargesprakande himmel over, så gjev det ei skaparglede som ein vil oppsøkja på ny og på ny når ein først har vorte kjent med ho. «Gleda ved å vera aleine, eta orda sin honning.» skriv Robert Bly.
I tidsskriftet sitt The Thousands, nr. 1, 2001, skriv den same Bly om metaforen. «Kva slags velsigning gjev metaforen? Den forhindrar sinnet i å gå rett nedover ein jernbane av døsande, halvinteressante fakta. Metaforen opnar dørene til vêret, til strikking, til dyr og naturen.. Den diktar som nyttar metaforen tek oss med ut av rommet vårt, ut i skogen, der, som Frederico García Lorca seier, alle dikt vert funne. Lorca sa: «Når eg set meg ned, bruker eg alltid å skriva med grønt blekk, for at eg ikkje skal skræma dei ville dyra.»
Og det er herleg når ein diktar tek oss med ut:
«For ein dag det vart! Lyset fløymer tett som mjølk
og sterkt som fingrar meg til hjelp!
Eg har høyrt den raude hesten til lyset vrinska
der han spring uskodd, naken og strålande.
Til skrevs over han flyg eg fram over kyrkjene»
Dette er eit lite utdrag frå diktet «Draumehesten» av Pablo Neruda omsett av Kjartan Fløgstad. Det er ei påminning frå dei spansktalande poetane om å ikkje gje slepp på poesiens si unike evne til å kalla på dei store kjenslene, på manglande måtehald, overdriving, det uvanlege og eksalterte.
Men det er fullt mogleg å nærma seg det alvoret som finst i lyset, på ein direkte og enkel måte slik Rune Tuverud gjer her:
I det kalde lyset
de nakne
spinkle bjørkene
et tynt lag
med snø
på gressplenen
du venter ved bilen
og ingen av oss
kan si noe
Og eg har tidlegare lagt vekt på at forma på ein fin måte kan understreka innhaldet ved å passa saman med dette. Men det er også mogleg å ha ei stram og streng form til eit viltert og kaotisk innhald. Då vil forma stå i kontrast til innhaldet og framheva dette på denne måten. Mykje er mogleg, og reglar kan brytast. Ein klisjé er utbrukt heilt til nokon brukar han på ein ny og uventa måte. Det er bare å opne døra å gå ut i det store språklege rommet. Når du har funne noko, kan du vise oss det på Diktkammeret.
Leksjon Desember 2001
Å granska grensene for språket
Verda er mangfaldig og ytrar seg på mange vis, og kunsten granskar korleis ting kan uttrykkjast om igjen, på ein heilt ny måte, skriv Helge Torvund i desemberleksjonen.
Følgjande historie vert fortald om Picasso. Ein framand kom ein gong bort til han og spurde: «Kvifor måler du ikkje tinga slik dei verkeleg er.» Picasso såg litt forvirra ut, og svara «Nå trur eg ikkje eg forstår heilt kva du meiner.» Mannen tok då fram eit fotografi av kona si. «Sjå,» sa han, «Slik som dette. Slik er det kona mi verkeleg ser ut.»
Picasso såg tvilande frå fotografiet og opp på mannen. «Ho er veldig liten, er ho ikkje? Og litt flat?»
Verda er mangfaldig og ytrar seg på mange vis, og kunsten granskar korleis ting kan uttrykkjast om igjen, på ein heilt ny måte.
Når det gjeld det å skriva dikt, kan ein seia at grensene som finst er få, men bastante. Me må nytta teikn (bokstavar, tal, og teiknseiing), og me må plassera dei slik at dei er leselege, på papir eller skjerm, på stein eller film. Gjer me dette, så kan me skapa noko diktliknande som kan lesast.
Men kva grenser finst for å nå fram med det me vil ha sagt, det me vil uttrykkja. Det finst eit område mellom to ytterpunkt som gjev oss optimal utteljing; det vil seia der me får uttrykt oss mest mogleg i tråd med det ønskje me har, og der lesaren får tak i mest mogleg av det me vil seia. Det eine ytterpunktet er eit heilt kvitt ark og det andre er eit ark som er fullstappa med tilfeldig samansette bokstavar. Heilt stille eller eit totalt kaos. Imellom her finst det ulike grader av struktur og meining. Ein kan velja å gjera som Morten Øen, å gje minimalt med informasjon, for å setja lesaren fri til å assosiera, som her:
De sammenfallende lydene av skrittene
smijernsporten
Eller ein kan overlesse lesaren med massevis av overflødig informasjon. Men eg trur nok på ein mellomting, der ein skreller ned til noko som har nok element til å skape spenning og ulike tolkingsretningar, men som likevel gjev både gjenkjenning og overrasking , slik at interessa vert fanga og halden vedlike.
Eit godt og grunnleggjande råd er å skriva ting som ein sjølv ville lika å lesa. Jakt på det du synst er best i ting du les. Og les, les, les! Finn du noko som er bra, så prøv å forstå nett kva det er ved det du likar, og avlur på den måten dine favorittpoetar nokre teknikkar for å skape dikt som er gode i dine eigne auge.
Det som er noko av det mest spennande med poesi, er at språket har så uendeleg med moglegheiter. Me kan variera og prøva ut nye vriar gong på gong og oppnå resultat som slår lesaren som nytt og spennande. Men det er ikkje naudsynt og sprengja den normale uttrykksmåten for å skapa dikt. Ser me på Arvid Hansen sitt dikt «Slipsteinstankar,» så er det ikkje mykje språkleg nyskaping her:
Stålet er hardt.
Eg er mjuk
Det er eg
Som formar stålet
Slik kan poetar som Arvid Hansen og til dømes Kolbein Falkeid formulera viktige innsikter gjennom å utnytta den vanlege grunnstrukturen i skriftleg norsk.
ET MØTE
Jeg reiste til Afrika
med fem bøker om verdensdelen.
Tenkte jeg var godt forberedt.
På veien møtte jeg en mann fra Tchad
som skulle til England.
Han hadde fem bøker om Europa
og tenkte han var godt forberedt.
Ingen av oss sa noe morsomt,
Men plutselig satte vi oss ned
og lo.
(Kolbein Falkeid)
Men så finst det altså nokre som er på veg til poesiens kontinent med fem andre bøker i kofferten. Dei prøver å få språket til å uttrykke noko som det ikkje kan uttrykkje med ein slik «vanleg» og «normal» grammatikk og ordrekkefølgje.
Lat oss sjå på ein som arbeider i mellomsjiktet. Dansken Henrik Nordbrandt granskar tydeleg kor grensene går for kva språket kan uttrykkja, men han er samstundes medviten om at det skal uttrykkja det han vil. Han held fast på diktet som kommunikasjon av bodskap. Bare at bodskapen er ganske gåtefull.
Det er så lyst som det er sommer
det er så mørkt som det er mig.
Det er så før som det er efter
og så sent som det er altid.
Slik skriv han i si siste diktsamling «Fralandsvind». Nærast ei barneregle ved første blikk, men fullstappa med meining. Me veit ikkje om det er sommar, men me veit at det er så lyst at det minner om sommar, og i kontrast til dette står «eg» i diktet og ser at noko er mørkt og det minner om eit mørker i han sjølv. Her er ei kjensle av at noko snart skal skje, og denne kjensla er fylt av noko som minner om at noko nett har skjedd. Og samstundes fortel den siste linja noko om at ein alltid kjenner at det er seint, kanskje for seint. Ei grunnleggjande eksistensiell oppleving som menneska har når dei har levd ei stund.
Picasso sa ein gong at det den moderne kunst ønskjer, er å lage ei fyrstikkeske som er ei flaggermus utan å slutta å vera ei fyrstikkeske. I poesien er dette lettare å få til enn i nokon annan kunstart. Men når me prøver ut grensene i språket på denne måten, og så mykje er mogleg å gjera, møter me sjølvsagt snart på spørsmålet; kva er det me vil seia, kva er det eg vil deg?
Leksjon November 2001
Å slutta mens enden er god
Det finst ei oppmoding til folk som skriv, som ofte vert gjenteken på engelsk. «Show them! Don't tell them!» Ei av syndene mot dette er ofte synleg ved at ein har teke med ei linje eller to for mykje på slutten av diktet.
Sjølv hadde eg i mange år gleda av å læra om dette av poeten Sigmund Mjelve. Han las gjennom mine manuskript og strauk sistelinjer. Det er jo elles viktig å gå gjennom dikta å sjå om det finst ord og uttrykk som ikkje er naudsynte for at heilskapen og uttrykket skal verta slik me ønskjer det, og stryka dei. Det å stola på dei bileta ein lagar, vil seia at ein må overvinna trongen til å forklara seg.
Her. Nettopp.
Et vinddrag.
Mot sivet
krusninger.
Slik viser Sigmund Mjelve korleis eit bilete kan presenterast utan overflødige ord. Ein må våga å la det som stig opp i skriveprosessen og vert tydeleg som bilete, få stå der utan kommentar frå intellektet. Kanskje var Mjelve ekstra oppteken av dette, fordi han også var ein intellektuell poet.
Det dreier seg om å la spenninga verta hengjande i lufta når diktet skal overleverast til lesaren. Å la eit bilete verta ståande utan forklarande tillegg. Dersom ein seier for mykje, dersom ein forklarar diktet for lesaren, dersom ein går ein runde til med å fortelja kva det var ein ville ha sagt, dersom ein oppsummerar og tydeleggjer på slutten, så utløysar ein heile spenninga, og diktet fell flatt til jorda. Diktet vert ein ferdig uthogd stein som ikkje treng å arbeidast meir med, og difor ikkje vil leva vidare i lesaren
Me skal sjå på eit par døme frå Diktkammeret. Signaturen «balder» skriv dette:
«DET LIGGER NOEN I SENGA MI!»
Det ligger noen i senga mi
Jeg vet ikke helt hva jeg skal si
Det ligger noen i senga mi
Har de tenkt til å bli?
Det ligger noen i senga mi
Kan de?
Det ligger noen i senga mi
Er min tid forbi?
Det ligger noen i senga mi
Tenk, Det var bare katta mi
Når balder skreiv dette, så visste han sikkert kva det var han ville fram til. Han er kanskje ikkje så klar over at han gjer eit val. Først teiknar han opp ei gåte med mange spørsmål og ingen svar nedover. Dette skapar ei mystisk stemning som lagar aktivitet i lesaren, uro, nye spørsmål. Så dreg han heile teksten ned på eit koseleg, trivielt og heilt ufarleg plan med siste linja. Straks vert diktet meir som eit barnevers. Og det fungerer det jo greitt som. Men sjå på diktet og tenk deg at sistelinja vart teken vekk. Då vil stemninga henge meir i lufta. Ein får noko å tenkja på og diktet kan leva vidare i oss.
Lat oss sjå på eit døme til. Dette er skrive av Bjørn Bakland:
«JEG TENKER SOM BØLGENE PÅ HAVET»
Jeg tenker som bølgene på havet.
Jeg tenker som vinden på slettene.
Jeg tenker som dyrene i skogen.
Jeg tenker som stjernene på himmelen.
Jeg tenker som menneskene på jorden.
Tenk med meg. Prøv.
Her får diktaren lesaren med i ei stor rørsle og tankane går. Tankane følgjer orda hans. Tankane tenkjer med han. Difor vert den siste linja ei heilt unødvendig påminning som ikkje er resten av diktet verdig. Han bør stola på dei flotte uttrykka han lagar. Me må ikkje fortelje den oppvakte lesaren kva han eller ho skal gjera, eller korleis dei skal lesa, eller kva det er me nettopp har skrive til dei.
Når ein vert merksam på dette, kan ein ofte sjå at gode dikt av etablerte lyrikarar vil endra seg merkbart dersom ein tek bort den siste linja. Ofte til det betre. Dette fortel oss at det alltid kan vera lurt å undersøkja kva effekt dette har. Sannsynlegvis er det ein innebygd refleks i vår vanlege kommunikasjon, at me avsluttar med ein litt forklarande replikk. Dette tek me med inn i diktskrivinga. Men det høyrer ikkje heime der. Når me forklarar eit bilete, vert krafta borte. Eg har tidlegare skildra korleis me skal nytta sansingar og kontrast, og arbeida for å få bileta me gjev til lesaren så tydelege som mogleg. Dei skal på ein måte veksa fram av kroppen vår, av tankane og erfaringane og kjenslene våre. Og leverast til lesaren med sine spenningar og gåter. Vitsen med poesi vert borte når teksten vert avslutta og ferdigtenkt frå forfattaren si side.
Når poeten lykkast med å skapa eit uferdig bilete inne i oss, ein levande atmosfære, då vert dette ein del av det som rører seg i oss. I si grunnleggjande bok «Poetisk modernisme» siterer Poul Borum den polske poeten Julian Przybos der han skriv i sitt «første råd til ein ung diktar»: «Fortæl ikke, beskriv ikke, besyng ikke; reflekter ikke, ræsoner ikke; bekend ikke, lav ikke stemning; skrig ikke, forkynd ikke, blæs ikke i det retoriske horn. Udtryk! - det vil sige: skab sprog! Så kommer alt andet af sig selv.»
Så får me prøva. Skriva og stryka. Her er eit av mine dikt, der siste linja kanskje burde vore teken bort?
Han sat ved bardisken
Den amerikanske lufta
og musikken utan menneske
var roleg som giljotinar
Han løfta glaset og drakk
Håret i nakken var strå for strå
Ikkje ei skjelving
viste at han rørde ved dette
med alle sine kroppar
Leksjon Oktober 2001
Å skriva at eg elskar deg
Det er så lett å tru at sterke kjensler lagar gode dikt. Har ein verkeleg opplevd kraftige ting, så tenkjer ein at dette i seg sjølv er så mektige saker at det er bare å få det ned på eit eller anna vis. Slik er det ikkje. Torvund gir deg tips til kjærleiksdiktet.
Lever ein rapport
om smaken av kneippbrød
Og hald til sist
eit sju dagar langt seminar
om dei typar energi
kjærleiken på jorda er laga av
I septemberleksjonen framheva eg det å skriva sitt eige liv, som noko å trakta etter. Nå er det straks på sin plass å reisa ein åtvarande peikefinger til nettopp dette. Det er så lett å tru at sterke kjensler lagar gode dikt. Har ein verkeleg opplevd kraftige ting, så tenkjer ein at dette i seg sjølv er så mektige saker at det er bare å få det ned på eit eller anna vis, så gjer sjølve opplevinga susen. Slik er det jo ikkje. Ein kan nok på sett og vis formidla kjensler slik at lesaren vert stum. Overkøyrd, flau eller full av erfaringas beiske lått, kan lesaren då trekkja seg vekk frå det patosfylte klisjédiktet.
Raud tråd
Å skriva eit kjærleiksdikt er på ein måte ikkje annleis enn å skriva kva dikt som helst. Alt som er sagt i dei føregåande leksjonane vil vera relevant når det gjeld dette temaet også. Eg har likevel lyst til å sjå litt nærare på nettopp kjærleiksdikta i denne leksjonen. Det er eit tema som har oppteke poetar til alle tider, og er jo også ein av dei røde trådane i mine eigne dikt.
Ofte er det vel nettopp dette temaet som får ein ung amatør til å gripe til poesien som uttrykksform for første gong. Fellene er mange. Eit godt utgangspunkt vert her som elles å orientera seg litt om kva som er gjort før. Det er liten grunn til å laga eit nytt og dårlegare dikt som liknar svært på eit som er mykje betre.
Lengt
Å skriva «eg elskar deg» til kjærasten, er noko heilt anna enn å senda eit kjærleiksdikt ut til lesarar. Det finst ingen større klisjé enn «eg elskar deg». Så kvifor må me skriva fleire slike dikt i det heile?
Vel. For det første vert dikt sette i gang av opplevingane våre. Og dette dreier seg om ein av dei grunnleggjande og altomfamnande opplevingane som menneska har. Og så er det dette at det er så utfordrande å prøva å skriva ein klisjé på ein slik måte at me gjev han nytt liv. Dette å vera glad i nokon eller noko, kan slå ut i flotte dikt, men like ofte er det ein sterk lengt som skapar drivet. Og ein skal hugsa at overraskinga også kan liggja i kva kjærleiksdiktet handlar om. Nordahl Grieg brukte eit sykkelstyre i sitt berømte dikt:
De går på veiene ganske tause,
Med hjertet fyldt av hvad begge vet,
Mens næven knuger det blanke nikkel.
O cykkesltyre, O kjærlighet.
Medan Arne Ruste i si siste diktsamling har eit kjærleiksdikt som opnar slik
Å, min mørke
anemone, morgendugg-
friske kullsvarte venus, min svarte
tulipan, min geisha
og som viser seg å handla om ein bil!!
Klassiske dikt i ulike kulturar kan gje oss innblikk i korleis poetar har handsama kjærleiksmotivet i tråd med dei normer som fanst i deira tid, i deira sosiale lag og kultur.
Her er eit frå det gamle Kina, gjendikta av Paal-Helge Haugen, diktaren er ukjend:
Ut og plukke siv
Grønt siv med raude skot.
Blad som bøyer seg for vinden.
Du og eg i same båt:
Vi skulle plukke siv ved Dei Fem Sjøane.
Ved daggry sette vi båten på vatnet.
Ved middagstider kvilte vi under almane.
Vi skulle plukke siv.
Då natta samla sitt mørker kring oss,
hadde vi snautt plukka ei hand full.
Lesaren får spelerom
Det me ofte ser i eldre dikt er at dei er svært lite direkte. I det kinesiske diktet får lesaren fritt spelerom til å leggja inn nett det ho eller han sjølv vil. Det er her og stor vekt på det konkrete, og på bileta som vert stilt fram for oss. Les me kjærleiksdikt frå den spanske gullalderlitteraturen, kan dikta vera abstrakte og indirekte på ein annan måte.
Ser me på kva ein samtidspoet skreiv i det førre århundre, den engelske Adrian Henri, så har han i sitt dikt «Love Story», vore langt meir direkte:
...eg kjenner kroppen din under meg
varm og levande som graset under føtene våre
EG ELSKAR DEG
(...)
når me ikkje kan venta til programmet er slutt
når eg snik meg varsamt ut for at du skal få sova
i rolege draumar i ditt dimme rom til morgonen kjem
når eg går i dei mørke skinande gatene
skarpe lysande skilt frå bensinstasjonar gatelys over lauv
hardt ubøyeleg lys frå bustadane i blokkene
EG ELSKAR DEG
går heim gul måne over taka
bilar i sniglefart jenter stoppar over alt lukta av deg
sovnar kjenner ennå angen av den rike luksuriøse såpa i håret ditt
medan eg går og held di minihand
står i ein laurdagsmorgonbank
varm av folk som uroar seg på grunn av pengar
ser ei halv ginflaske smadra på fortauet
sjølv når eg ser skulejenter på bussane
med sine svarte strømper som sørgjer
over deira tapte jomfrudom
EG ELSKAR DEG
på tog
i bilar
på bussar
i drosjar
(...)
Krysningspunktet
Me vender attende til eit krysningspunkt der det levde livet, det dirrande nålevande livet stig inn i diktet og krev sin plass. Fordi det ikkje kan haldast borte. Fordi det er det som er drivet bak diktet. Men der det samstundes er klart at kjenslene, opplevingane, ikkje kan formidlast «slik dei er». Dei må berast fram av teknikken, handverket. Henri skapar ein flyt og ein gjennomstrøymande energi ved måten han lar setningane gå over i kvarandre, samstundes som han fokuserer på kjærleiken ved å framheva og gjenta EG ELSKAR DEG. Og han utnyttar kontrastane; kjærleiken saman med synet av ei knust flaske på fortauet.
Å flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen.
Ved eit rim som dette, understrekar Hans Børli at noko høyrer saman. Form og innhald går i hop. Her er det den gode stunda i stille natur som skal framhevast. Då trengst det ei anna form enn i Adrian Henri sitt bydikt.
Vekkje lesaren
Så gjeld det altså i kjærleiksorientert dikt som i alle andre: få liv i diktet. Puls. Å koma inn i lesaren sitt liv gjennom noko som vekkjar han til live. Puste uventa ord i øyra på han. Omfamna han gjennom musikalsk gjentaking av lyd. Leia han inn i sansbare bilete. Diktet kan ha noko av ein presang over seg; vera overraskande, uventa. På den måten kan kjærleiksdikta utvida rommet for kjenslene våre, og visa fram noko ved verda som er verdt å elska.
Desse lange bølgjande gjerde
i morgonsol
Lauvtrekledde åsar gjev meg lyst til å gøy
til å laga strengemusikk
Eg inhalerer skuggane
og ser deg koma naken frå badet
Eg stikk nasen djupt i håret ditt
og lengtar etter leppene
Du er fire centimeter for langt vekke
Eg vil bu i verdas krumming
Di mjuke hofterunding
Sunday, May 6, 2007
Subscribe to:
Posts (Atom)